Reidun Elisabeth Sandnes
Tilkallingsvikarar i helse og omsorg
Om stillingen
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
- Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
- Heimetenester (Heimesjukepleia og døgnbemanna omsorgsbustadar)
- Rus og psykisk helseteneste
- Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.Kvalifikasjonar
- Du må være over 18 år gammel.
- Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
- Du må ha vanleg datakunnskap
- Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
- Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
- I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
- Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tar initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar Forvalting, 91 55 59 70, [email protected]Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, [email protected]
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, [email protected]
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar Heimeteneste, 91130521, [email protected]
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, +47 95139364, [email protected]
Arbeidsstad
Kleppevegen6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5022684274
Stillingsprosent: 14%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025
Reidun Elisabeth Sandnes
BedriftReidun Elisabeth Sandnes

