Eli Westerlund Goodwin

Tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i Miljøtenesta Time kommune

OmrådeTime
Publisert18.9.2025
Søk senest11.9.2026

Om stillingen

Tilkallingsvikarar / helgestillingar/ vikariat i  Miljøtenesta i Time kommune         

Det vil til tider vera behov for tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i dei ulike avdelingane i miljøtenesta i Time kommune.

Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer i kva for ein avdeling du kan tenka deg å jobba.

Miljøtenesta består av følgande avdelingar:

Foren Burettslag, Kverneland barne- og avlastningbustad, Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande, Bryne Aktivitetssenter, Nubben Bufelleskap og fleire BPA ordningar.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. 

Leiarane i dei forskjellige  avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.

Det finns stipendordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar.

Det er krav om politiattest for alle områda.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vart presentert på intervju.

Kvalifikasjonar

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

I nokre av avdelingane vil det vera krav om at ein har førarkort klasse B, manuell gir. 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Det er lovkrav om at politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling


Kontaktinformasjon

Emilie Øines, Avdelingsleiar Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, [email protected]
Lene Bærheim Haldorsen, Avdelingsleiar Kverneland barne- og avlastning., [email protected]
Tordis Winstrup, Avdelingsleiar Foren Burettslag, [email protected]
Tove Merete Vorland, Avdelingsleiar Bryne Aktivitetssenter og BPA, [email protected]
Anita Ås, Avdelingsleiar Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande og BPA, [email protected]
Eli Westerlund Goodwin, Avdelingsleiar Nubben Bufelleskap, [email protected]

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5015310270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.09.2026

Eli Westerlund Goodwin

BedriftEli Westerlund Goodwin

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt