Jobbsafari
Bemanningssenteret, Helse Bergen

Tilkallingsvikar - Transport- og gjenvinningsoperatør

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest9.7.2024
JobbdetaljerAnnet

Om stillingen

Hospitaldrift Transport er ei intern serviceeining med drift alle dagar i året. Vi utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar; Pasientportørteneste, Forsyningsteneste og Miljøhall og varetransport.
Miljøhall og varetransports hovudaktiviteter er avfallshandtering og sortering ved sjukehuset samt transport av tøy, varer, medisinar og avfall mellom ulike lokasjonar innan helseføretaket. Vi utfører også flyttetenester. Miljøhallen er plassert i ein fjellhall bak sentralblokka og seksjonen består av seksjonsleiar og om lag 20 tilsette. Vi set trivsel på arbeidsplassen høgt og har eit kontinuerleg fokus på HMS.
Vi treng tilkallingsvikar som Transport- og gjenvinningsoperatør.
Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig. Vi treng vikar frå snarast og ser etter deg som kan jobbe ein del i sommar og utover hausten. Søknader blir behandla fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Som vikar vil du arbeide med alle seksjonens oppgåver. Dette vil til dømes vere distribusjon av mat, tøy, medisin og forbruksmateriell, behandling av avfall og farleg avfall, makulering av papir, flytteoppdrag og forefallande arbeid som vask og vedlikehald. Seksjonen disponerer komprimatorbil, skapbilar med bakløfter, varebilar og gaffeltruck.

Arbeidstider: Dagvakter og helg: 0700-1500, seinvakter 1400-21.30.

Opplæring: Det må påreknast 2 veker samanhengande opplæring på dagtid.

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg førarkort kl. C og/eller C1 og gyldig yrkessjåførkompetanse (YSK) 
  • Truckførerbevis klasse T4
  • Relevant arbeidserfaring
  • God fysisk arbeidskapasitet
  • Arbeidsspråk er norsk og gode norskkunnskaper er nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, imøtekommende og løysingsorientert.
  • Du er initiativrik og ser arbeid sjøl
  • Du opptrer respektfullt overfor pasienter og kolleger.
  • Du er sjølstendig men arbeider og godt i lag med andre.
  • Du liker å arbeide og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Erik Njaastad Bauge, Seksjonsleiar Miljøhallen, 91395660, [email protected]


Arbeidsstad

Haukelandsveien 22


5021 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4830060673


Stillingsprosent: 0%


Anna



Bemanningssenteret, Helse Bergen

BedriftBemanningssenteret, Helse Bergen
Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Lignende stillinger