Tilkallingsvikar reinhald
Om stillingen
Vil du jobbe med reinhald i eigedomsavdelinga?Vi treng reinhaldar som tilkallingsvikar. Stillingsomfang vil variere etter vårt behov og ditt ønskje.
Søkjarar vert vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Eigedomsavdelinga har reinhaldsoppgåver på kommunale bygg i heile kommunen.
Arbeidstida må tilpassast drifta på arbeidsstaden, men vil i all hovudsak føregå på ordinær arbeidstid (dagtid)
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein medarbeidar med kjennskap til moderne reinhald.
- Det er ønskjeleg med praksis frå arbeid som reinhaldar, men du kan også søkje om du ikkje har erfaring.
- Det er ein fordel om du har førarkort for personbil.
- Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til samarbeid og kan jobbe både sjølvstendig og i team.
- I tillegg vil vi legge vekt på at du er positiv og servicevennleg.
- Vi ønskjer at du kommuniserer godt og forstår norsk.
- Lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
- Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4850934114
Stillingsprosent: 10%
Vikar
Søknadsfrist: 31.08.2025
Eigedomsavdelinga, Gloppen kommune
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.