Tilkallingsvikar Raus Bufellesskap

OmrådeOsterøy
Publisert7.1.2025
Søk senest30.12.2025

Om stillingen

Om stillinga

Raus bufellesskap er eit bufellesskap i eininga Psykisk helse og rusomsorg. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunal psykolog, bufellesskapet og tilbodet Kroken som gjev tenester til personar med rusproblem. 

I bufellesskapet bur det 6 bebuarar fordelt på 2 hus. I hus 1 jobbar det ein døgnvakt og ein mellomvakt. Hus 2 jobbar det to på døgnvakt. I tillegg er det nokre boliger tilknytta bufellesskapet som får oppfølgning. Vi gjev tenester til vaksne personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk. 

Vi søkjer etter deg som likar å arbeide tett på mennesker og som vil være med å bidra til aktive og meiningsfulle dagar til bebuarne i bufellesskapet. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

I bufellesskapet jobbar dei døgnturnus og langvakter, vi treng dyktige folk på tilkalling til både døgnvakter og langvakter. 


Arbeidsoppgåver

  • Gje bistand til bebuarar i dagleglivets aktiviteter 
  • Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap 
  • Ha fokus på aktivitet i kvardagen 
  • Bidra til å skape trivsel og tryggleik 
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktiviteter 
  • Miljøarbeid
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov 
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
  • Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.

Kvalifikasjonskrav

  • Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med psykiske lidingar 
  • Student eller ferdig utdannet innen vernepleier, sjukepleie, helsefagarbeider eller annen relevant utdanning 
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa
  • Førerkort klasse B 
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltredning
  • Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk

Vi tilbyr

  • Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus
  • Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø
  • Stor fagleg variasjon
  • Døgnvakter eller langvakter 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP
  • Gode parkeringsmoglegheiter
. Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Kven er du? 

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Gode samarbeidsevner og er ansvarsbevist
  • Tryggleik i faget
  • Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere 
  • Du må være ein person som likar ei utfordring, er løysningsorientert og nytenkande
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med
  • Du er fleksibel og gjør det som er naudsynt

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.

Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv om søknadsfristen ikkje er utgått. 


Osterøy Kommune

Søk etter flere lignende stillinger