Jill Mari Juberg
Tilkallingsvikar - Navigatør i Trøndelag på sambandet Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad
Om stillingen
Vi søkjer tilkallingsvikar som overstyrmann og skipsførar som vil gjelde sambanda Brekstad - Valset og Levanger - Hokstad.
Fjord1 har behov for å knytte til seg vikarar til kortare og lengre tilkallingsoppdrag i stillinga som navigatør i Trøndelag. Behovet vil gjelde ulike samband.
Ein fin moglegheit for deg som kanskje vil arbeide litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller kanskje du er pensjonert og har lyst ta nokre vakter av og til?
Skiftordning: Vil variere på dei ulike sambanda.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat D3
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Gode leiareigenskaper og evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidsstad
7600 Levanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5089690311
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 17.03.2026
Jill Mari Juberg
BedriftJill Mari Juberg