Jobbsafari
Hå kommune Skoleavdelingen

Tilkallingsvikar lærar

2 måneder siden
OmrådeVarhaug
Søk senest1.4.2024
JobbdetaljerAnnet

Om stillingen

Me ønskjer å knytte til oss personar som skulane kan kontakte når dei har behov for lærarvikarar. Det vil vere oppdukkande behov for timar og dagar, men det kan og vere aktuelt med tidsavgrensa vikariat av ulik storleik.

Har du har spesielle ønskjer om skular, alderstrinn og fag skriv du litt om det. Har du konkrete spørsmål til ein skule tek du kontakt med rektor.

Dette er ikkje ei vanleg utlysning, og du vil kun få en bekreftelse på at vi har mottatt søknaden din. Me kontaktar søkjarar fortløpande ettersom behova oppstår. Det vil derfor ikkje bli sendt avslag.

Arbeidsoppgåver
• undervisning av klassar, grupper og enkeltelevar i diverse fag
• for- og etterarbeid, gå vakt, planlegging og oppfølging.

Kvalifikasjonar
• ønskeleg med godkjent lærarutdanning
• søkjar må minimum ha studiekompetanse
• me oppfordrar lærarstudentar til å søkje

Personlege eigenskapar
• kan bygge gode relasjonar
• har god klasseleiing
• er samarbeidsvillig og fleksibel
• kan arbeide sjølvstendig og strukturert

Me tilbyr
• faglege utfordringar og godt arbeidsmiljø
• gode pensjons- og forsikringsordningar
• generelle lønsplasseringar etter Hovudtariffavtalen
• eigne avtaler for lærarstudentar under utdanning

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (Våre tenester (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema:

Søk her

Hå kommune Skoleavdelingen

BedriftHå kommune Skoleavdelingen
Om bedriften

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har ca.19 800 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Tilgjengelighetserklæring

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger