Reidun Elisabeth Sandnes

Tilkallingsvikar i helse og omsorg

Område

Volda

Publisert

1.10.2026

Søk senest

31.12.2026

Om stillingen

Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar, assistentar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.

Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing. 

Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:

  • Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
  • Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar)
  • Rus og psykisk helseteneste 
  • Bu og habilitering 

Arbeidsoppgåver

Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.

Kvalifikasjonar

  • Du må være over 18 år gammal
  • Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg
  • Du må ha vanleg datakunnskap 
  • Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
  • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
  • Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert
  • I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden
  • Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid  

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Tilgang på elæringskurs frå Glup
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Elsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91130521, [email protected]
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, [email protected]
Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, [email protected]
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, [email protected]

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5188197494
Stillingsprosent: 14%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026

Tilbake til toppen

Reidun Elisabeth Sandnes

Bedrift

Reidun Elisabeth Sandnes

Søk etter flere lignende stillinger

VoldaHelse og sosial

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS