Om stillingen
Om stillingaHar du lyst å bidra og gjera ein forskjell for andre? Då kan Bruli bufellesskap vera rette staden for deg!
Me leitar etter engasjerte tilkallingsvikarar som ynskjer å jobbe med menneske - anten du er ferdig utdanna, student eller elev. Dette er ein flott moglegheit til å få verdifull erfaring innan psykisk helse og rus, og samstundes utvikle deg fagleg og personleg eller prøve noko nytt.
Bebuarane på Bruli bur i eigen leilegheit og får tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape tryggleik, forutsigbarheit og gode kvardagar for kvar enkelt - på deira eigne premissar. I tillegg gjev me tenester til nokre brukarar som bur utanfor bufellesskapet.
Hos oss blir du ein viktig del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø, med fokus på fagleg utvikling og godt samarbeid.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
14.06.2026
Arbeidsgivar:
Vinje kommune
Stad:
Vinje,
Stillingstittel:
Tilkallingsvikar - Bruli bufellesskap
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
0
Webcruiter-ID:
5114011568
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid - gjennom å støtte bebuarar i å meistre eigen kvardag, bidra til struktur, trivsel og gode opplevingar
- Praktisk bistand i leilegheitene - som matlaging, rydding, hygiene, reinhald og andre daglege oppgåver der dette er ein del av tenesta
- Praktiske oppgåver i avdelinga - praktiske gjeremål som å halde orden i fellesareal, førebu felles måltid på laurdagar og andre helsefaglege oppgåver
- Gjennomføre gåturar, handleturar eller andre små aktivitetar i nærmiljøet
- Medikamenthandtering - dele ut medisin i tråd med gjeldande rutinar
- Dokumentasjon i journal
Kvalifikasjonar
- Du er sjukepleiar, vernepleiar eller har anna relevant høgskuleutdanning
- Du har fagbrev som helsefagarbeidar eller har anna relevant fagutdanning
- Du er elev/student innan helse- eller sosialfag og ynskjer arbeidserfaring
- Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid med å bistå mennesker med sammensatte behov
- Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (tilsvarande nivå B2)
- Du har digital kompetanse
- Du har førarkort for bil - kl. B (ikkje krav for å søkje stillinga)
- Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
- Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
- Du har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Du tar initiativ og ynskjer å lære
- Du har interesse for menneskje med samansette behov
- Du snakkar og forstår norsk godt
Me tilbyr
- Eit godt fagmiljø med engasjerte kollegaer
- Utfordrande, spennande og varierandearbeidsoppgåver
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Opplæring blir avtalt med kvar enkelt vikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
Bonusordning i sommarferien
Me tilbyr ein sommarbonus på kr. 22000. Du får bonusen dersom du arbeider meir enn 75 % stilling, er med oss minst seks veker i sommarperioden i veke 26-33, og jobbar halvparten av helgene. Bonusen blir utbetalt i august eller september.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Adresse: Vinjevegen 236, 3890 Vinje, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Opne vegbeskriving
Kontaktinformasjon
Kyrre Saupstad
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Telefon: +47 46618242
E-post: [email protected]
Om arbeidsgivaren
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Les meir om livet i Vinje her
Sjå Vinjefilmen her
Vinje Kommune
Bedrift
Vinje Kommune
