Om stillingen
Eg er ei kvinne på 59 år, rullestolbrukar, bustad Bergen sentrum.Søkjer etter borgarstyrt personleg assistent (BPA) snarast.
Ledig stilling som tilkallingsvikar.
Ordninga mi har assistanse 24 timar i døgnet, delt opp i vakter: 08-17, 17-24 og 00-08.
Når nokon vert sjuke eller må ha fri treng eg nokon til å steppa inn - ofte på kort varsel. Det beste er sjølvsagt om ein er fleksibel til å steppe inn til alle type vakter :)
Kanskje er du fleksibel student eller i fleksibel jobb og treng å spe på økonomien?
Arbeidet går ut på å hjelpa meg med praktisk assistanse både i og utanfor heimen.
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i triveleg miljø.
Du må vera fleksibel, sjølvstendig, ansvarsfull og kunne ta ei utfordring.
Eg er i høgrisikogruppa og dei som jobbar hjå meg må ta ekstra forholdsreglar med tanke på smittevern.
Erfaring er ikkje nødvendig, då opplæring vil bli gjeven.
Politiattest vert krevd.
Søknad så snart som mogleg.
Arbeidsgjevar: ULOBA. Grunnløn kr 225,40 pr time + evt. Tillegg.
Interesserte kan ta kontakt på e-post: [email protected]
Uloba AS
Bedrift
Uloba AS
