IDI - Eivindvik tannklinikk, Vestland fylkeskommune

Tannpleiar

OmrådeGulen
Publisert25.2.2025
Søk senest27.3.2025

Om stillingen

Det er ledig 100% vikariat som tannpleiar ved Eivindvik tannklinikk frå 22.04.25 til 15.01.26.

Klinikken har 3 tilsette, 1 tannlege, 1 tannhelsesekretær og 1 tannpleiar, som no skal ut i permisjon. Klinikken ligg i Eivindvik, som er administrasjonssenter i Gulen kommune i Ytre sogn. Ein øykommune med gode muligheter for eit aktivt friluftsliv. Ligg ca 40 minutt kjøring frå Sløvåg, der er det kjøpesenter med fleire butikkar og spisested.



Arbeidsoppgåver

Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar

Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg

Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar

Vi søkjer deg som:
Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale 

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk

Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort 

Kontaktinformasjon

Harald Isdal Kvamme, klinikkleiar (tannlege), 91750454
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936

Arbeidsstad

Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4928584668
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 22.04.2025
Sluttdato: 15.01.2026
Søknadsfrist: 28.03.2025

IDI - Eivindvik tannklinikk, Vestland fylkeskommune

BedriftIDI - Eivindvik tannklinikk, Vestland fylkeskommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger