Tannlegeassistent 80% stilling

OmrådeVoss
Publisert19.9.2024
Søk senest12.10.2024

Om stillingen

Me søkjer ein tannlegeassistent til Voss Tannhelsesenter.

Voss Tannhelsesenter søkjer ein positiv og engasjert tannlegeassistent til vårt dedikerte team. Me ynskjer å fylla eit viktig gap etter ein av dei flinke assistentane våre som skal flytta frå Voss. Hos oss vil du få høve til å jobba i eit moderne og triveleg miljø, der me legg vekt på fagleg utvikling og pasientomsorg.

Om oss:

Voss Tannhelsesenter er ein veletablert klinikk lokalisert sentralt på Voss i Bøndenes Hus. Me tilbyr spesialistbehandling innan tannregulering (kjeveortopedi) og dessutan generell tannbehandling for alle aldersgrupper. Lokala våre er lyse og moderne, og me nyttar det nyaste utstyret innan tannhelse.

Stillingsprosent:

Stillinga er eit 80% vikariat i 1 år med moglegheit for fast tilsetjing.

Arbeidstida er mandag - torsdag, kl. 08:00 -16:00

Arbeidsoppgåver:

  • Assistera kjeveortoped, tannlege og tannpleiar

  • Arbeida sjølvstendig og i team

  • Diverse assistentoppgåver

  • Reingjering og klargjering av behandlingsrom

  • Reinhald

  • Sterilisering av utstyr

  • Resepsjonsoppgåver

  • Journalarbeid og timebok

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men er ikkje ein føresetnad.

  • Grundig opplæring vil bli gitt.

Personlege eigenskapar:

  • Pliktoppfyllande og dedikert

  • Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team

  • Positiv og profesjonell haldning

  • Du må vera service-innstilt og ha pasienten i fokus

  • Ryddig og strukturert

  • Du må kunna handtera ein til tider travel arbeidskvardag

  • Gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg norsk

  • God munnleg kunskap i engelsk

Me tilbyr:

  • Grundig opplæring vil bli gitt

  • Eit godt fagleg miljø

  • Kurs

  • Eit svært godt og triveleg arbeidsmiljø

  • Løn etter avtale

Søknadsprosess:

Send inn ein kortfatta søknad saman med CV til [email protected]

Me vil behandla søknader fortløpande, og relevante søkjarar vil bli kontakta.

Kopi av attestar, vitnemål og referansar vil bli etterspurde ved intervju.

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga i samsvar med Tannhelsetjenesteloven §3 og helsepersonelloven §20a.

Tiltreding snarast.

Søknadsfrist: 13.10.2024

Voss Tannhelsesenter AS

BedriftVoss Tannhelsesenter AS
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 6/30
Anbefalt