Jobbsafari
Ålesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune

Tannlege ved distriktstannklinikken Vatne

1 måneder siden
OmrådeVatne
Søk senest18.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Vatne i Ålesund kompetanseregion. Tiltreding etter avtale med overtannlege. 

Klinikken ligg i Tennfjord, i fine lokale og har 3 tannlegar, 1 tannpleiar og 4 tannhelsesekretærar. 

Vatne ligg i Haram kommune, med kort veg til mange aktivitetar, friluftsliv og naturopplevingar. Kjøretid til Ålesund by er ein halv time. (Les meir på: www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/alesund-sunnmore/).


Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege 
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg  
  • Den som blir tilsett må levere politiattest
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheitmenneske

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for menneske
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig 
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter avtale
  • Oppdatert og fin tannklinikk 
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) 
  • Etablerings- og stabiliseringstilskot  


Anna

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion , 92045001


Arbeidsstad

Trolldalssletta 2


6265 Vatne


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune



Referansenr.: 4776369062


Stillingsprosent: 100%


Fast


Startdato: 01.05.2024


Søknadsfrist: 18.03.2024



Ålesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune

BedriftÅlesund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no)

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

    Tannklinikkane våre (mrfylke.no)

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger