Agnete Norheim Kaldestad

Tannlege

Område

Alver

Publisert

4.11.2026

Søk senest

18.11.2026

Om stillingen

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Nordhordland klinikkområde har ledig ei fast stilling som tannlege  i 100% stilling frå 1. februar 2027.

Tenestestad for tida på Lindås tannklinikk. Oppstart 01.02.2027 eller etter avtale.

Lindås tannklinikk ligg i Lindås Nærsenter. Har 5 behandlingsrom,  7 tilsette i heil og deltid. 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 1 tannpleier. God bussforbindelse frå Knarvik/ Bergen.

Ved internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat i 100% fram til 30.06.27 på samme klinikk.



Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
    jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
  • Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
  • Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
  • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Harald Isdal Kvamme, klinikkleiar (tannlege), 91750454, [email protected]
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936, [email protected]

Arbeidsstad

Kolåsvegen 5
5955 Lindås

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5204979171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026

Tilbake til toppen

Agnete Norheim Kaldestad

Bedrift

Agnete Norheim Kaldestad

Søk etter flere lignende stillinger

AlverHelse og sosial

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai・1.10. - 31.12.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS