Tannlegesekretær

Tannhelsesekretær (faste og vikariat)

OmrådeBergen
Publisert13.10.2025
Søk senest27.10.2025

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Kunnskap som formar samfunnet 

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Tannhelsesekretær (fast og vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Odontologisk universitetsklinikk, er det ledig faste- og vikariat stillingar som tannhelsesekretær.

Dei ledige stillingane kan ha ulik stillingsprosent. 

Den som vert tilsett må rekne med å  gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.

Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt.

Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a) på klinikken.


Arbeidsoppgåver:

  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar 
  • røntgenfotografering 
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr 
  • pasientadministrative oppgåver 
  • kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis 
  • andre oppgåver kan leggast til stillinga


Kvalifikasjonar og eigenskapar :     

  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær 
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje 
  • evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
  • ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • kompetanse innan data og Opus journalsystem 
  • handtera telefonar
  • evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar


Vi tilbyr:

  •  eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  •  løn for tida kr 500 000 (kode 1545) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  •   medlemskap i Statens pensjonskasse 
  •  gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  •  kva stillingsbrøk du ønskjer
  •  kopiar av vitnemål og relevante attestar
  •  to referansar (namn og kontaktinformasjon)


Generell informasjon: 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: klinikkleiar Neshe Lie ([email protected], tlf 55586630) 

Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet. 

  • Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene. 
  • Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
  • Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy. 
  • Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter. 

Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her: Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiB

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Tannlegesekretær

BedriftTannlegesekretær

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt