Jobbsafari
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Ta roret på ferjenæringas grønaste satsing!

OmrådeTysnes
Publisert25.10.2024
Søk senest14.11.2024

Om stillingen

Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Halhjem-Våge, om bord vår flotte el-ferge MF Kommandøren.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Søkjar bør bu lokalt.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!


Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • ECDIS kurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leter etter en kompetent og ansvarlig skipsfører med solid erfaring i maritime operasjoner og ledelse. Du bør ha en sterk forståelse for sikkerhetsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheter og evne til å ta raske beslutninger i krevende situasjoner. Som skipsfører vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnskift - 3 veker på, og 3 veker av

Kontaktinformasjon

Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, 40460408, [email protected]

Arbeidsstad

Halhjemsvegen 275
5208 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4877481222
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

BedriftFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Om bedriftenFjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger