Systemforvaltar for prehospitale system
Om stillingen
Er du klar for ei spanande reise inn i hjartet av den akuttmedisinske kjeda? Helse Vest IKT søker no etter ein engasjert systemforvaltar til vårt prehospitale team. Dette teamet jobbar med IT-systema som vert brukt av AMK-sentralane (113), luftambulansane og ambulansane, samt av dei som gir medisinsk hjelp til dei som oppheld seg på havet. Teamet har ansvar for drift og forvalting av system som vert brukt lokalt i Helse Vest, men også nasjonalt, slik at det er behov for samarbeid på tvers av helseregionane. Kjerneteamet består per i dag av fem ressursar som har arbeidsstad i Haugesund og Bergen, og vi ser no etter ein ressurs som skal ha arbeidsstad ein av desse stadane.
Seksjonen Kliniske system, som den nye ressursen vil bli tilsett i, består av 22 personar. Desse har ansvar for drift og forvalting av mange ulike løysingar som vert brukt av helseforetaka, primært til pasientbehandling. Døme på dette er system for bildelagring, laboratorieløysingar, system for intensivbehandling, operasjonsplanlegging og føde-/barseloppfølging. Seksjonen består både av personar med IT-teknisk bakgrunn og/eller helsefagleg bakgrunn, og det er svært jamn kjønnsfordeling.
Arbeidsstad er Bergen eller Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Forvalting og vidareutvikling av IT-system som vert brukt innanfor prehospitalt område i Helse Vest.
- Konfigurasjon og oppsett i enkelte av systema.
- Vere tolk og bindeledd mellom leverandør og kunde.
- Ha 3. linje-rolla, vere siste støtteinstansen før saka går over til leverandør.
- Produsere kunnskapsprosedyrar og annan dokumentasjon.
- Både forstå systemet og funksjonaliteten samt behovet til kunden.
- Sakshandsaming, både brukarstøtte, feilsituasjonar og leveransar.
- Fungere som knutepunktet mellom oss, leverandørar, andre eksterne og helseføretaka.
- Organisere og delta i testing i samband med nye utrullingar, oppgraderingar og feilrettingar.
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefagleg utdanning.
- Erfaring med forvalting av IKT-system og -løysingar vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav.
- Kjennskap til prosessar i sjukehusa vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav.
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein føremon.
- Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter - du ser alle sine behov og klarer å formidle det som skal til.
- Du likar å tileigne deg ny kunnskap og ta tak der det trengst.
- Tydeleg - du har ikkje telefonskrekk, frykt for å ta ordet, eller vere ærleg.
- Blikk for detaljar - men du er løysingsorientert og feilsøkande og har også evne til å løfte blikket og sjå heilskapen.
- Smittsam personlegdom - i ein pressa situasjon klarer du å få fram det positive og få frustrasjon til å bli løysingsjakt.
- Deling av kunnskap – du ser verdien av å dele kunnskap med dine kollegaer, kundar og andre samarbeidspartnarar.
- Nyfiken – du er nyfiken og tør å spørje for å betre forstå.
- Initiativ – du ser behovet for og evner å ta ansvar og styring når situasjonen krever det.
- Teknisk forståing – du er både interessert i å finne ut av og evner å forstå korleis ting heng saman.
- Interesse for vidareutvikling og forbetring av løysingar – du må brenne for å gjere ting betre og levere gode tenester til våre kundar.
Vi tilbyr
- Ein trygg arbeidsstad med gode pensjonsordningar.
- Ordinær arbeidsdag er 7,5 timar, inkludert lunsj.
- Gode mogelegheiter til kompetanse- og karriereutvikling.
- Inkluderande, kunnskapsrike kollegaer som alle jobbar for det felles beste.
- Fleksibel og moderne arbeidstidsordning.
- Moderne maskinvare og utstyr.
Kontaktinformasjon
Margunn Pile Torpe, Seksjonsleiar, +47 95829964Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4742390541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2024
Tenesteutvikling, Helse Vest IKT
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no