Jobbsafari

Studentmedarbeidar knytt til mentorordninga

2 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest4.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Studentmedarbeidar (konsulent) i 30 % stilling

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet ynskjer deg velkomen som søkjar til ei fast 30 % stilling som mentorkoordinator.

Hovedoppgåvene til ein mentorkoordinator er å planlegge og gjennomføre studentmottaket ved studiestart og koordinere mentorordninga ved fakultetet. Mentorordninga er eit tilbod til dei nye studentane ved Det psykologiske fakultet, som skal bidra til sosial og fagleg integrering. Det psykologiske fakultet ynskjer å gje dei nye studentane ein best mogleg oppstart og sikre eit godt læringsmiljø frå første dag, og mentorkoordinatoren har ei viktig rolle i planlegginga og fasiliteringa av dette.

Det er mogleg med meir arbeid enn 30 % ved ferieavvikling og studiestart.


Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging og opplæring av mentorar
  • Utforme og revidere innhald til gruppemøter og andre samlingar, og ulike aktivitetar, i mentorordninga
  • Evaluering av ordninga i form av midtvegs- og sluttevaluering til intern utvikling av ordninga
  • Kartlegging av studentmassen og deira behov, for å sikre eit nyttig og føremålstenleg innhald i ordninga
  • Koordinering med samarbeidspartnarar (eksempelvis administrative- og vitskaplege ansatte og studentorganisasjonar) på fakultetet
  • Samarbeid med mentorordningane på andre fakultet
  • Det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha god kjennskap til Det psykologiske fakultet ved UiB
  • Du må ha utdanning på minimum bachelornivå frå Det psykologiske fakultet, og masterstudentar oppfordrast til å søkje
  • Det er ein føremon om du har røynsle frå formidling, informasjonsarbeid og planlegging/organisering

Vi ser etter deg som er:

  • imøtekommande, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • systematisk, initiativrik og er løysingsorientert
  • komfortabel med å snakke foran en større gruppe, arrangere og styre møter, og kunne ta avgjersler

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga blir vektlagt


Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Brutto årsløn som konsulent (kode 1065) kr 428 100 – 448 900 i 100 % stilling (tilsvarande lønssteg 38 - 42). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger