Om stillingen
Heimetenestene i Sykkylven kommune søkjer fleire støttekontakter!Våre tenestemottakarar er voksne og eldre med ulike interesse og ulike behov for sosialisering og integrering. Vi har derfor behov for støttekontakter av begge kjønn i ulike aldergruppe og med ulike interesser. Ei støttekontakt er ein brubyggar til sosial aktivitet og deltaking, der målet er å gi mennesker moglegheit til ei meiningsfull fritid.
Det å vere støttekontakt er eit spennande, meiningsfylt og lærerikt oppdrag, der du i stor grad kan styre og påverke di eiga arbeidstid.
Ønsker du å bidra - kan dette vere oppdraget for deg!
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å gi mennesker ein aktiv og meiningsfull fritid
- Tilrettelegge og motivere for deltaking i sosial aktivitet
- Bidra til å redusere sosial isolasjon
- Du må vere pålitelig. trygg på deg sjølv og ha interesse for å jobbe med mennesker
- Det stillast ingen krav til formell utdanning
- Det kan vere ein fordel med erfaring fra arbeid med mennesker
- Som støttekontakt må du kunne holde avtalar, sette grenser og forholde deg profesjonelt til rolla di
- Du må vere over 18 år
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden
KontaktinformasjonLinda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, [email protected]
ArbeidsstadHaugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4853389379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
Heimetenestene, Sykkylven kommune
BedriftHeimetenestene, Sykkylven kommune
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylvenher
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Kvalitetssikringsleder
Vestre Toten - Nammo Raufoss AS - Publisert 16.1.2025Bilmekaniker
Vefsn - Bilfokus AS - Publisert 16.1.2025Bookingmedarbeider 50%
Voss - Fleischer?s Hotel AS - Publisert 16.1.2025Renholder / Housekeeping Valldal Fjordhotell
Fjord - Valldal Fjordhotell Drift AS - Publisert 16.1.2025