Stranda distrikt, Stranda kommune

Stranda distrikt - helgevakt og tilkallingsvikarar

OmrådeStranda
Publisert19.3.2025
Søk senest30.9.2025

Om stillingen

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. 

Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting.

Skriv i søknaden kva du søkjer på:

  • Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen - Helg og tilkalling
  • Stranda omsorgssenter avd. heimetenesta - Helg og tilkalling
  • Stranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) - Helg og tilkalling

Arbeidsoppgåver

Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen

Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad

Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar

Kvalifikasjonar

Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. 

Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort.

Personlege eigenskapar

  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
  • Interesse for faget.
  • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

Vi tilbyr

Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

Løn etter kvalifikasjonar 

Kontaktinformasjon

Hannah Velle Vadset, Fagleiar sjukeheimen, 930 98 969
Astrid Helen Ringdal, Fagleiar HT, 464 11 156
Marita Solli, Fagleiar korttidsavdeling sjukeheimen, +47 464 11 448

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4940907048
Stillingsprosent: 80%
Anna
Søknadsfrist: 01.10.2025

Stranda distrikt, Stranda kommune

BedriftStranda distrikt, Stranda kommune
Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Søk etter flere lignende stillinger