Jobbsafari

Stipendiat innan KRLE med vekt på religion og etikk

OmrådeBergen
Publisert20.1.2025
Søk senest8.2.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig stilling som stipendiat innan KRLE med vekt på religion og etikk i forskingsprosjektet Negotiating Values in Norwegian Teacher Education (NeVa) ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ein åremålsstilling som stipendiat innan KRLE med vekt på religion og etikk.

Stillinga er knytt til prosjektet NeVa med finansiering frå Norges Forskningsråd (NFR) 2025-2028. NeVas overordna mål er 1) å få kunnskap om korleis det i lærarutdanningane går føre seg ei forhandling om verdiane i læreplanen, og 2) å utvikle ein verkstadmetodikk som gir lærarstudentar og lærarar kunnskapar om verdiforhandlingar og betre ferdigheiter i å utøve ei forhandlande undervisning. NeVa fokuserer på forhandlingar knytt til følgande tre verdiar i LK20 si overordna del: menneskeverd, identitet og kulturelt mangfald, kritisk tenking og etisk medvit. Stipendiatprosjektet må vere tematisk knytt til fortolkings- og forhandlingsprosessar om minst éi av desse verdiane for 7. klasse-elevar i norsk grunnskule, sjå NeVa prosjektbeskriving. Det er gjort tilgjengeleg ein meir utfyllande omtale av forskingsprosjektet NeVa med tanke på innretting av stipendiatstillinga, og kandidatar blir oppmoda om å ta utgangspunkt i denne for utforming av prosjektbeskrivinga. Omtala er tilgjengeleg etter førespurnad til prosjektleiar for NeVa ( [email protected] ).

Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universiteta i Agder (UiA) og Stavanger (UiS), York og Bedfordshire (Storbritannia). Stipendiaten vil få forskingssamarbeid med institusjonane som er med i NeVa-prosjektet.

Stipendiaten vil særleg vere knytt til NeVas arbeidspakke 3 som undersøkjer verdiforhandlingar i lærarstudentar si undervisning i grunnskular i Norge og Storbritannia, og vere knytt til HVL sitt fagmiljø innanfor religion og etikk og forskargruppa  Religion, kultur og livstolkning .

Fakultetet si forsking er organisert i eitt forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 49 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du  HER . Dette prosjektet høyrer inn under forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring ( SKoL ).

Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar". Ph.d.-programmet omfattar om lag 80 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet  HER .

Samla stipendiatperiode er tre år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen i tilsettingsperioden.

Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ønskeleg med tiltreding 01.08.2025.


Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i et opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år utan pliktarbeid. Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling, og den som blir tilsett skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Som stipendiat vil du:

  • delta i utvikling av ny kunnskap om korleis skulen sine overordna verdiar blir forhandla om i undervisning og pensum og praksis i lærarutdanninga 
  • vere knytt til forskingsprosjektet NeVa med hovudvekt på religion og etikk i KRLE

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:

  • Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa Religion, kultur og livstolkning
  • Presenterer eige forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrift.

Det vert forutsett at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan bli teken opp på ph.d.-studiet (sjå nedanfor).


Kvalifikasjonskrav:

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet ĢDanning og didaktiske praksisarģ ved HVL og oppfyller  krava for opptak til Ph.d.-studiet :

  • Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
    • Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein  HER . Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. NeVa sine samarbeidspartnarar i Storbritannia er aktuelle vertsinstitusjonar.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider (litteraturlista kjem i tillegg) som kortfatta, men med tydeleg forankring i relevant forskings- og metodelitteratur på feltet, grunngjev tema/problemstilling og val av teori, samt metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Prosjektskisser av høg vitskapeleg kvalitet vil bli prioritert. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet etter tilsetting som stipendiat. 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i religionsvitskap, filosofi eller etikk, eller master frå lærarutdanninga med vekt på KRLE. Mastergrader med didaktisk orientering er ønskjeleg.
  • Svært gode ferdigheiter i språka norsk og engelsk
  • Beherske ulike kvalitative og tekstanalytiske metodar
  • Undervisningserfaring frå skule tel positivt
  • Tidlegare vitskapelege publikasjon(ar) og/eller utviklingsarbeid er ønskeleg

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må

  • ha gode samarbeids- og formidlingsevner
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • høg etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen)

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ?Søk stillingen? på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.   Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette.  Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.


Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving ? og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prosjektleiar, Karina Hestad Skeie, [email protected], tlf 55 58 78 49

2) Forskingsprogramleiar, Marit Rong, [email protected], tlf 55 58 72 82

3) Instituttleiar, Jan Helge Kallestad, [email protected], tlf 55 58 59 43


Høgskulen På Vestlandet

BedriftHøgskulen På Vestlandet
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger