Jobbsafari

Stipendiat (3 år) ved Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner

2 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest11.3.2024
JobbdetaljerÅremål

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat (3 år) ved Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år ved Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner.

Stillinga er knytt til prosjektet: FAT-associated cardiovascular dysfunction (FATCOR oppfølgingsstudien), finansiert av Godvik Sanitetsforening og Grieg Foundation.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

FATCOR oppfølgingsstudie studerer endring av hjartekarfunksjonen hos kvinner og menn med fedme over 10 år midt i livet. Den som vert tilsett vil delta i:

  • Klinisk datainnsamling/undersøkingar av deltakarar
  • Opptak og analyse av ultralydbilde av hjarte
  • Kondisjonstesting med surstoffopptaksmåling på tredemølle
  • Databaseoppbygging
  • Skrive 3 vitskaplege artiklar om studieresultat som førsteforfattar
  • Delta i fagmøta på senteret og utadretta kommunikasjon om kvinners hjartehelse

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i  medisin
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner, og kunne kommunisere med studiedeltakarar på eit skandinavisk språk  
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt   
  • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå  Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB


Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet


For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning (ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.


Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga  samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din.
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Eva Gerdts, e-post [email protected], tlf.: +47 55972986 / 92086505

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger