Jobbsafari
Kirugisk serviceklinikk/ Sterilforsyning og støtteavdeling/ Sterilsentralen, Helse Bergen

Sterilforsyningsteknikar/Assistent

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest2.7.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Sterilsentralen er ein seksjon i Sterilforsyning og støtteavdelinga som leverer sterilt fleirgongsutstyr til avdelingane som utfører pasientbehandling. Vi mottar mange typar kirurgisk utstyr som skal kontrollerast, pakkast og steriliserast etter nasjonal og internasjonal standard. Vi tel rundt 50 tilsette, og er ein travel seksjon med korte leveringsfristar.
Sterilsentralen er ei produksjonseining i endring. Vi planlegg flytting av dagens Sterilsentral. Vi skal inn i nye lokale som er under bygging. Vi samlar reingjering, desinfeksjon og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr frå alle einingar i sjukehuset. Dagens oppgåver i Sterilsentralen vil endrast i takt med denne utviklinga. Avdelinga forventar at ein søkjer fagskuleutdanning i Sterilforsyning når ein blir oppmoda til det.
Vi har no ledig ein 100% fast stilling.


Arbeidsoppgåver

  • Mottak, kontroll, vedlikehald, emballering og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr
  • Kommunikasjon med dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar Sterilsentralen sine tenester
  • Etter opplæring og oppnådd tryggleik på alle arbeidsstasjonar, vil du også få ansvarsvakter
  • Reinhald av lokala i Sterilsentralen
  • Arbeidsoppgåvene vil endre seg i takt med utviklinga i faget og drifta
  • Arbeid på lokasjonar utafor sjølve Sterilsentralen

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring frå reinhald
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til IKT som arbeidsverktøy
  • Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Du har interesse for helse, hygiene og pasientsikkerheit og søker meir kunnskap om fagområda
  • Du er kvalifisert for opptak til fagskuleutdanninga

Personlege eigenskapar

  • Du må vere eigna for oppgåvene
  • Du arbeider nøye og strukturert - også under høg aktivitet
  • Du er fleksibel, endringsvillig og kan arbeide både i team og aleine
  • Serviceinnstilt og hyggeleg
  • Du er i  god fysisk form, arbeidet kan vere krevande for skuldre, nakke og rygg

Vi tilbyr

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • 3-delt turnus (dag, kveld og natt), med arbeid pt. kvar fjerde helg
  • Fast mentor
  • Ein god arbeidsplass med trivelege, svært erfarne og kunnskapsrike kollegaer
  • Kurs og oppdateringar
  • Stipendordning for gjennomføring av fagskule

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Vigdis Haram, Seksjonsleiar, 55976246


Arbeidsstad

Haukelandsveien 22


5021 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4829926374


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 02.07.2024



Kirugisk serviceklinikk/ Sterilforsyning og støtteavdeling/ Sterilsentralen, Helse Bergen

BedriftKirugisk serviceklinikk/ Sterilforsyning og støtteavdeling/ Sterilsentralen, Helse Bergen
Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger