Torhild Næss Vedeler

Statistikar

Område

Bergen

Publisert

2.6.2026

Søk senest

12.6.2026

Om stillingen

Norsk MS-register og biobank er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som har som formål å samle inn, forvalte og analysere data om personar som lever med multippel sklerose (MS) i Noreg. Registeret har svært høg tilslutningsgrad og er ein sentral aktør innan kvalitetsforbetringsarbeid og registerbasert forsking. 

MS-registeret er klassifisert på høgaste nivå blant dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Registeret har tett samarbeid med alle nevrologiske avdelingar i landet og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, både med og utan kopling til sentrale helseregister og data frå befolkningsundersøkingar. 
Registeret har i dag fem tilsette: fagleg og dagleg leiar (statistikar), opplæringsansvarleg og to prosjektmedarbeidarar med hovudansvar for kvalitetsforbetringsprosjekt. 
For å styrkje analysekapasiteten i registeret søkjer vi no ein statistikar i 50 % fast stilling.


Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle i det statistiske arbeidet i registeret.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte: 

  • Overordna statistisk leiaransvar i forskingsprosjekt som nyttar data frå MS-registeret, inkludert prosjekt med kopling til nasjonale og internasjonale helseregister
  •  Utvikling, drift og vidareutvikling av løysingar for datauttrekk, analyse, visualisering og rapportering
  • Tilrettelegging, kvalitetssikring og dokumentasjon av datasett til analyse-, forskings- og utleveringsformål 
  • Bidrag i utforming av forskingsdesign og statistiske analyseplanar 
  • Veiledning på ph.d.- og postdoktornivå 
  • Statistisk rådgiving til registerleiinga og til interne og eksterne søkjarar om tilgang til data, under dette vurdering av metodeval, utval, styrkeberekningar, analyse og tolking av resultat 
  • Deltakelse i nasjonalt og internasjonalt samarbeid knytt til bruk av registerdata
     

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med tilrettelegging og statistiske analysar av helseregisterdata 
  • Erfaring med analyse av geografiske data 
  • God kompetanse i avanserte statistiske metodar for registerdata, særleg innan:  overlevingsanalyse, regresjonsmodellar, bayesianske metodar og hierarkiske modellar
  • statistisk prosesskontroll 
  • Erfaring med analyseplanlegging og utarbeiding av statistisk analyseplan 
  • Erfaring med leiing og gjennomføring av analysearbeid i større, gjerne internasjonale, forskingsprosjekt 
  • Praktisk erfaring frå ERC‑prosjekt er ein fordel 
  • Svært god kompetanse i bruk av R 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig- og team arbeider
  • Nøyaktig
  • Fleksibel
  • Pålitelig

Vi tilbyr

  • Ein fagleg utfordrande og utviklande stilling i eit nasjonalt leiande fagmiljø
  • Mulighet til å arbeide med data av høg forskings- og samfunnsmessig verdi 
  • Tverrfaglig samarbeid i eit aktivt og kompetent miljø 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Mangfold og arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Torhild Næss Vedeler, Direktør, +47 92808867

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5137504318
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026

Tilbake til toppen

Torhild Næss Vedeler

Bedrift

Torhild Næss Vedeler

Søk etter flere lignende stillinger

BergenKontor og økonomi

Lignende stillinger

HMSS koordinator/leder site

Ikm Gruppen AS

Hammerfest12.6. - 31.8.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS