Vaksdal Kommune

Stamnes oppveksttun søkjer leiar

Område

Vaksdal

Publisert

7.5.2025

Søk senest

29.5.2025

Om stillingen

Leiarstilling i eit sterkt pedagogisk fellesskap

Leiarane våre står ikkje åleine ? vi utviklar skule, sfo og barnehage saman!  

Som leiar på Stamnes oppveksttun får du:  

- Erfarne og dyktige tilsette i skule, sfo og barnehage
-Tett samarbeid med rektorane på dei andre skulane, styrarane i dei andre barnehagane, einingsleiarar og kommunalsjef for oppvekst og kultur
- Ei aktiv rolle i fellesskapa på tvers av tenesteområda i Vaksdal  


Barna, elevane, dei tilsette og foreldra fortener ein dyktig og engasjert leiar.

Oppveksttunet har 9 barnehagebarn og 20 elevar, der 13 elevar nyttar SFO. Barnehagen og SFO er felles drifta.
Stamnes oppveksttun er ein viktig samlingsplass i bygda. 

Leiaren må ha fokus på dei langsiktige måla i læreplanen og rammeplanane for SFO og barnehage, slik at alle tilbod vert ein heilskap som styrkar barna si utvikling. 

Stillinga inneheld både rektor- og styrarmynde, samt undervisning. I rektormynde ligg det og eit leiaransvar for sfo. 

Felles langsiktige satsingar

I oppvekst og kultur har vi langsiktige satsingar som 

  • Felles leseplan i samarbeid med PPT. 
  • Inkluderande barnehagemiljø, PALS og MOT. 
  • Digital læringsleiing.
  • Kvalitet i SFO.
  • Skule og barnehage deltek i felles kompetanseheving i arbeidet mot vald og overgrep i samband med kommunen si satsing i oppvekstreformen. 
  • Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og fleire av skulane satsar på fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv.

Arbeidsstad

Stamnes oppveksttun

Eidslandsvegen 850, 5727 Stamneshella


Krav til kompetanse

Stillinga inneheld både rektor- og styrarmynde, samt undervisning. 

For rektorrolla gjeld § 17-2 i Opplæringslova: Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse.

For styrarrolla gjeld § 24 i barnehagelova: Barnehagen skal ha en daglig leder som har utdanning som barnehagelærer eller annen høgskoleutdanning som gir barnefaglig og pedagogisk kompetanse.

For undervisningsrolla gjeld §17-3 og 17-4 i opplæringslova som omhandlar relevant lærarutdanning og relevant kompetanse i undervisningsfaget.


Vi søkjer etter ein stabil, positiv, samlande og kreativ leiar, som er ein dyktig personalleiar og har?

  • Evne til å inspirere og skape arbeidsglede
  • Gode samarbeid- og relasjonsbyggingevner
  • Erfaring med endringsleiing og kulturbygging
  • Engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
  • Heilskapleg forståing av oppvekstmiljøet
  • God oppfølging av rutinar, lovverk og kommunale satsingar
  • Strukturert arbeidsform og solid økonomistyring

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus 
  • Spanande og utfordrande stillingar 
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=ilq_c2fKmZQ

Slik søkjer du

Elektronisk søknad. ?Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. 


Tilbake til toppen

Vaksdal Kommune

Bedrift

Vaksdal Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

VaksdalKontor og økonomi

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS