Aurland Kommune

Stabsleiar helse og omsorg

Område

Aurland

Publisert

11.2.2025

Søk senest

10.8.2025

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig fast 100% stilling som stabsleiar helse og omsorg, frå mai 2025.

Stabsleiar har operativt leiaransvar for stort fagleg spenn med ansvar for dagleg drift av avdelinga. Stillinga inneber økonomi- og personalansvar, samt ansvar for fagområda; legetenester,  fagutviklingssjukepleiar, vaktmeister, ergo- og fysioterapi, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator og forvaltning og tildeling, samt koordinerende eining. Oppfølging av interkommunalt samarbeid og avtalar inngår i stillinga.

Kommunalområdet har eit svært viktig samfunnsoppdrag, og står ovanfor store oppgåver innan forbetring og utvikling av tenestene. 

Stabsleiar er ein del av leiargruppa i kommunalområde helse og omsorg, og er kommunaleiaren sin avløysar. Det er tett samarbeid med dei andre leiarane for utvikling av tenestene, samt til  kontinuerleg forbetring- og strategiarbeid. I tillegg til stab / fagområde er det tre avdelingar i kommunalområde helse og omsorg;  institusjonstenester, heimetenester og bu og miljø. 

Me søkjer etter deg som har vilje, og evne, til å tenke heilskapleg og langsiktig. Du må vere opptatt av samhandling og tillit i organisasjonen. Du må vere stødig i rolla di som leiar, like å leia og bidra til at tilsette opplever meistring, motivasjon og sjølvstende i arbeidet.


Arbeids- og ansvarsområde

  • vere operativ leiar med ansvar for dagleg drift av avdelinga med fokus på kvalitet, berekraft og god oppgåvefordeling
  • ha ansvar for personell, budsjett, resultat- og økonomistyring
  • vere strategisk leiar, utarbeide og gjennnomføra planar som sikrar heilskapleg utvikling og koordinering av tenester i helse og omsorg, i tett samarbeid med kommunalleiar, og i tråd med kommunale og nasjonale føringar
  • fagutvikling i samarbeid med tilsette i staben
  • systematisk internkontroll arbeid, HMT,  kvalitetsforbetring og vidareutvikling av forbetringskultur
  • prosjektleiing og oppfølging
  • vere ein pådrivar for god forvaltningspraksis ved tildeling av helse- og omsorgstenester
  • utarbeide og fylge opp saker til politisk handsaming

Me tilbyr 

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter avtale
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære 
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)

 

Treng du barnehageplass, er frist for å søke plass for komande barnehageår 15.03.25.

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • fortrinnsvis relevant utdanning på masternivå, men treårig utdanning på bachelornivå frå universitet eller høgsskule kan også søka
  • vidareutdanning innan leiing, kan fråvikast om du har leiarerfaring og er villig til å ta leiarutdanning
  • det er ein føremon at du har kommunal leiarerfaring eller frå sjukehus og prosjektleiing
  • kunnskap og forståing for lovverk for helse- og omsorgstenester, kjennskap til offentleg forvaltning for å aktivt kunne bidra inn i arbeidet og rettleie medarbeidarane
  • erfaring frå, og er god på, økonomistyring
  • gode digitale ferdigheiter 

Personlege eigenskapar

Me vil at du:

  • er tydeleg, handlekraftig, set mål og fylgjer opp resultat
  • har evne til å stå i krevjande situasjonar
  • er serviceinnstilt, strukturert og resultatorientert
  • er ein leiar som gir medarbeidarane ansvar / vil ta ansvar
  • er god til å kommunisere og formidle mål, forventningar og retningslinjer på ein klar og tydeleg måte
  • har evne til å finne løysningar og tek initiativ
  • har evne til å fremje utvikling og skape ein kultur for kontinuerleg forbetring 
  • har god gjennomføringsevne, er ein god problemløysar som jobbar godt under press

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • politiattest etter helse og omsorgstenestelova  må leverast før du byrjar i stillinga

Krav til språk

Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Du bør:

  • kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • ha god framstillingsevne 

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Tilbake til toppen

Aurland Kommune

Bedrift

Aurland Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

AurlandHelse og sosial

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.

Digitaliseringskonsulent

Sørlandet Sykehus Hf

Finstadjordet17.8. - 31.8.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS