Ingrid Ølander

Spesialsjukepleiar/ sjukepleiar

OmrådeMolde
Publisert15.12.2025
Søk senest15.1.2026

Om stillingen

Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig stilling for spesialsjukepleiar eller sjukepleiar.

Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktig person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss kollegaer som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
  • Følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP 
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Delta aktivt i seksjonens utvikling
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rus og avhengighetsarbeid er ønskjeleg
  • Relevant erfaring
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

Denne jobben kan tidvis være krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskader av dette, og det forventer vi at du toler å stå i.

  • Vi ønskjer oss ein truverdig og sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si begrensning, og nok styrke til å trå til når det trengs
  • Du er nysgjerrig på fagfeltet, tør å stille spørsmål og er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med kollegaene dine
  • Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengig av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv 
  • Du er positiv, god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
  • Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar menn til å søkje.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.  Les meir om Molde og Romsdalen her   Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.  Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Ingrid Ølander, Konst. seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5050854698
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 15.01.2026

Ingrid Ølander

BedriftIngrid Ølander

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Clarion Hotel The Hub søker Welcome Office Agents (resepsjonister)

Strawberry AS

Oslo16.1. - 15.2.
Ny