Om stillingen
VI TRENG DIN KOMPETANSE SOM FASTLEGEVi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting for begge stillingane.
Listelengden kan diskuteres etter legens behov og kapasitet.
Vi har to stillingar som er ledig fra snarast:
- 100% spesialist i allmennmedisin
- 100% ALIS (allmennlege i spesialisering) eller spesialist i andre fagfelt
Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 8 legeheimlar og erfarent hjelpepersonell. Legevakt interkommunalt med Stranda kommune omfattar 3 faste tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.
Legesenteret er sentrumsnært og held til i leigde lokale samlokalisert med fleire andre fagfelta og ligg like ved Omsorgssenteret og Heimetenestene. Legesenteret skal inn i nye og framtidsretta lokale innan 1 år. Det er nettopp utarbeidd ein ny plan for Legetenestene 2023-2030, og vi utviklar oss og legg vekt på å vere framtidsretta der vi arbeider meir i team.
Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du som fastlege i Sykkylven har, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.
Tilsettingsprosessen kan skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
- Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
- Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
- Moglegheit for arbeid i helsestasjon
- Deltaking i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
- Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS
- Har norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)
- Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
- Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
- Du har evne til utvikling og nytenking
- Løsningsorientert og endringsvillig
- Du er fleksibel
Personlig egnaheit vektleggas
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
- God kollegial støtte og samarbeid
- Sterk fagleg hjelpepersonell
- Kollegial møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
- Valfri bruk av e-konsultasjonar i ditt arbeid
- Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
- Næringsdrift med 0-avtale og inntening frå første dag
- Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
- Økonomisk kompensasjon for inntil 10 dagar pr år om du er sjuk eller heime med sjukt barn
- Lønn etter avtale
- Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
KontaktinformasjonGulay Candan Kar, Einingsleiar Sykkylven Legesenter, 47728672, [email protected]
ArbeidsstadHaugneset 20
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4833015595
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2024
Søknadsfrist: 05.01.2025
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
BedriftSykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylvenher
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Er du vår neste stjerneselger? Bli med på vårt eliteteam og skap suksess!
Oslo - Always Connecting AS - Publisert 10.12.2024Barnehagelærar, vikariat
Volda - Øyra Barnehage - Publisert 10.12.2024Salg og Klargjører samt diverse vedr. Bil. Sale and Prepares and miscellaneous regarding car.
Oslo - Oslo Autosalg AS - Publisert 10.12.2024Pedagogisk leder/pedagog- vikariat 60%
Kristiansand - Spiren Barnehage Søgne AS og Spiren Barnehage Søgne 2 AS - Publisert 10.12.2024Tannlegesekretær/ klinikkassistent
Tysvær - Aksdal Tannklinikk AS - Publisert 10.12.2024