Spesialetterforskar
Om stillingen
Bli ein del av Møre og Romsdal politidistrikt i kamp mot profittmotivert kriminalitet!
I Møre og Romsdal politidistrikt er vi dedikert til å bekjempe økonomisk kriminalitet, og vi søkjer derfor etter dyktige medarbeidarar som kan hjelpe oss i denne viktige kampen. Er du nysgjerrig, har ein skarp analytisk sans og ønskjer å tjene fellesskapet ved å avdekke, bekjempe og førebygge alvorleg økonomisk kriminalitet, då kan du vere den vi ser etter!
Ved å bli ein del av avsnittet vårt innen økonomi- og miljøkriminalitet vil du:
- drive med spesialisert etterforsking ? utarbeide finansielle analyser
- arbeide i eit tverrfagleg etterforskingsmiljø med høg kompetanse og engasjement
- bruke nye verktøy og teknikkar for å etterforske og førebygge komplekse straffesaker
- arbeide side om side med erfarne kollegaer i kampen for å beskytte samfunnet mot økonomisk kriminalitet
I stillinga vil du bidra med etterforsking av økonomisk kriminalitet og anna profittmotivert kriminalitet, men du vil også delta i andre etterforskingsoppgåver ved avsnittet eller ved andre einingar i politidistriktet. Dette er ei moglegheit til å gjere ein forskjell. Bidraget ditt vil vere viktig i arbeidet med å beskytte samfunnet mot økonomisk kriminalitet. Oppmøtestad er i Ålesund.
Om avsnitt for økonomi- og miljøkriminalitet
Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet ved felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE) består i dag av avsnittsleiar og ni medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn som politi og /eller utdanning innanfor økonomi. Avsnittet er også samlokalisert med ein bistandsrevisor frå Skatteetaten. Avsnittet er stadsplassert ved politihuset i Ålesund og politihuset i Molde. Vi etterforskar alvorleg økonomisk kriminalitet og alvorlig miljøkriminalitet. I tillegg bistår vi i andre saker med finansiell etterforsking som til dømes inndragning av utbytte frå straffbare handlinger.
Arbeidsoppgåver
- Bistå i etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analyser
- Utføre taktiske etterforskingsoppgaver innanfor fagområdet økonomi, samt i andre saker som er lagt til avsnittet
- Pårekne bistand til påtalemyndigheita i retten og/eller presentasjon av eige arbeid internt/eksternt, herunder i retten
- Drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarar i heile politidistriktet innan fagområdet
- Sørgje for at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Ansvar for etterforsking av tildelte saker
- Utføre andre oppgåver tildelt av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Utdanning frå høgskole eller universitet på minimum bachelornivå eller tilsvarande innan relevante fagfelt. Relevant arbeidserfaring/opplæring kan kompensere for manglande utdanning.
- Relevant arbeidserfaring innan økonomi, rekneskap, skatt, og avgift og/eller antikvitvask/bedrageri frå offentleg eller privat kontroll-/tilsynsverksemd eller anna relevant erfaring
- Gode IT- og systemkunnskapar, herunder beherske Excel og/eller andre relevante verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring frå revisjon eller liknande
- Kunnskap om digitale betalingstjenester og/eller kryptovaluta
- Kompetanse og erfaring knytt til bruk av politiet sine etterforskningsmetodar
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- Kunnskapar i bruk av datasystema i politet, herunder saksbehandlingssystemet BL
Personlege eigenskapar
- Strukturert og analytisk
- Evne til jobbe godt både sjølvstendig og i team
- Løysingsorientert og initiativrik
- Fagleg engasjert
- Evne til å skape gode relasjonar
Det vil bli lagt vekt på ei hensiktsmessig sammensetjing av avsnittet.
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som spesialetterforskar (stillingskode 1552), frå kr. 635 000 til kr. 745 000 brutto per år
- Godtgjersle etter gjeldande ATB
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Marius Haugland Martinsen, Fung. avsnittsleiar, 41523862Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4903772502
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 11.02.2025
FEFE - Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, Møre og Romsdal politidistrikt
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025Engineering Manager
Oslo - Barona Norway - Publisert 5.2.2025Studentassistent
Oslo - Barona Norway - Publisert 5.2.2025Senior HR Administrator
Lysaker - Barona Norway - Publisert 5.2.2025