Vindafjord kommune Heimetenesta

Spennande stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten!

OmrådeVindafjord
Publisert10.6.2025
Søk senest23.6.2025

Om stillingen

Ein av våre dyktige helsefagarbeidarar skal ut i permisjon og me søker etter helsefagarbeidar til 80,5% vikariat i ytre sone, med mogeligheit for fast tilsetjing i kommunen. 

Basekontoret til ytre sone er på Vindafjordtunet og gjer tenestar til heimebuande i Vats, Skjold og Vikebygd. Ytre sone gjer og tenster til dei som bur i omsorgsbustader på Vindafjordtunet.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Gi våre brukarar fagleg gode tenester.
  • Helsefaglege oppgåver som: God pleie, medisinsk observasjon, planlegga og utføra tiltak, prosedyrar, medikamenthandtering, primærgruppearbeid, ressursoppgåver, miljøterapi med meir.     
  • Ulike Velferdsteknologiske løysningar.
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
  • Vera i eit godt arbeidsmiljø.
  • Være med på å utvikling tenestane våre.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe? Vindafjord )
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Hjå oss vil du møte heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kroniske sjukdomar som krev langsiktig handsaming.
  • Årsturnus dag/kveld. Me har tilbod om langvakter for dei som ynskjer å prøve ut denne arbeidstidsordninga

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka.
  • Relevant vidareutdanning
  • Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Sertifikat for personbil klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Du vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
  • Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert
  • Du er ein pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
  • Du bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet vårt
  • Du har eit ynskje om å arbeida med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov
  • Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg
  • Du liker og å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene
  • Du i årsturnus dag/kveld og det er arbeid 16 helger i løpet av 52 veker.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål! Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjer ein forskjell innan eldreomsorga.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Vindafjord kommune Heimetenesta

BedriftVindafjord kommune Heimetenesta
Om bedriftenVindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai1.7. - 31.7.
Anbefalt