Jobbsafari
Baroniet Rosendal

Spanande og allsidig stilling som driftsansvarleg/ vaktmester i nydelege Rosendal

OmrådeKvinnherad
Publisert1.11.2024
Søk senest1.12.2024

Om stillingen

Er du ein positiv og engasjert person som har godt overblikk i jobben din og evne til å handtera mange ulike oppgåver samstundes? Likar du at ingen dagar er like og at du får stor variasjon i arbeidsoppgåver? Då kan dette vera noko for deg!

Hva vi ser etter

Vi ynskjer oss ein positiv og engasjert medarbeidar som har godt overblikk i det daglege arbeidet og som kan handtera mange ulike oppgåver samstundes.

Stillinga krev stor grad av fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver. Vi vil leggje vekt på dokumentert erfaring, faglege kvalifikasjonar og personleg eignaheit.

Baroniet Rosendal er kun ope for publikum frå mai -- oktober. Det er i denne perioden viktig at ein kan vera så mykje som mogleg tilgjengeleg.

Arbeidsoppgaver

  • Utføra dagleg tilsyn samt planlegging og koordinering av drift og vedlikehald av bygningane og omkringliggjande uteområde.

  • Kontroll, vedlikehald og drift av tekniske anlegg i bygningane

  • Ansvar for og oppfølging av serviceavtalar, årskontrollar og eksterne leverandørar.

  • Brannvernleiarfunksjon, inkl. sikringsplanar og alarmanlegg.

  • Ansvar for utrykking til alarmar i høve gjeldande beredskapsordning.

  • Oppfølging av brukarar og leigetakarar samt ulike prosjekt ved Baroniet.

  • Bidra i utvikling av virksomhetas avtalar, planar og budsjett

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med unike faglege utfordringar.

  • Regulerte arbeidsforhold og god pensjonsordning.

  • Medlemskap i KLP og gode forsikringsordningar

  • Løn etter avtale

  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø i ein spennande bransje.

  • Fleksitidsordning.

Tilsetjing så snart som mogleg, etter nærare avtale.

Baroniet Rosendal

BedriftBaroniet Rosendal

Søk etter flere lignende stillinger