Jobbsafari
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

Sosionom, vernepleiar, barnevernsped. eller sjukepleiar

2 måneder siden
OmrådeNordfjordeid
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Nordjord psykiatrisenter, Seksjon dag har ledig 100% vikariat frå snarast og fram til 31.05.2025.

Vi er eit distriktspsykiatrisk senter som gir allmennpsykiatriske tenester til innbyggjarane i Nordfjord. Vi har omlag 80 tilsette fordelt på 3 seksjonar. Seksjon dag har ansvar for det polikliniske behandlingstilbodet. 


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
  • Vi legg vekt på brukarmedverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørande
  • Ein må rekne med reiseverksemd og ambulerande arbeid 
  • Mild turnus, dvs kveldsvakt og heimevakter på helg i utgangspunkt kvar 8. veke

Kvalifikasjonar

  • Sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog eller sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse eller tilsvarande og klinisk spesialisering 
  • Søkarar utan kvalifikasjonskrav må forplikte seg til å ta naudsynt vidareutdanning og/eller etterutdanning
  • Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar 
  • Førarkort klasse B
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og evne til å vere løysningsfokusert
  • Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Triveleg arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Børre Taklo, Seksjonsleiar, +47 57864330


Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9


6770 Nordfjordeid


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4770601408


Stillingsprosent: 100%


Vikariat


Sluttdato: 31.05.2025


Søknadsfrist: 10.03.2024



Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

BedriftNordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Lignende stillinger