Jobbsafari
Bykle kommune, pleie og omsorgstenesta

Sommervikarer

1 måneder siden
OmrådeBykle
Søk senest7.4.2024
JobbdetaljerSesong

Om stillingen

Sommarvikarar 2024
Bykle sjukeheim, heimebasera omsorg, habilitering, kjøkken og reinhald treng ferievikarar innan fylgjande stillingsgrupper:
Sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, pleieassistent, miljøarbeidar, kokk, kjøkkenassistent og heimehjelp. Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år. Ferien vert avvikla i tidsrommet veke 25 til med veke 32. Ynskt stillingstype, avdeling, stillingsstorleik og arbeidsperiode må oppgjevast i søknaden. Søkjarar til open omsorg må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil.
Me tilset sommarvikarar fortløpande, og det vil sendast ut tilbod om sommarjobb før fristen er gått ut!


Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene vil vere i samsvar med oppgåver som høyrer til avdelinga du vert tilsett i.

Kvalifikasjoner

Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg


Søkjarar til heimebasera omsorg og habilitering må ha førarkort kl. B


Fordel med erfaring frå helse/omsorg


Politiattest må leggjast fram ved tilsetting

Personlige egenskaper

Trygg, sjølvstendig og kunne takle ein ansvarsfull jobb


Positiv, serviceinnstilt og har godt humør


Du samarbeider godt med andre og er fleksibel                                                                                                                                                                                                                              Personlege eigenskapar vil bli vektlag

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar
Tariff løn
Nyutdanna helsefagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiar får løn etter 10 års ansiennitet
Sommerbonus om du arbeider 100 % stilling og bind deg til å arbeide veke 26 t.o.m. 31
Det er gode lønsvilkår for lege, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar under utdanning, som vil ha sommarjobb i Bykle kommune

Det er krav om politiattest ved tilsetting


Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Åvesland Hoslemo, Tjenesteleder, 47354904


Arbeidssted

Sarvsvegen 14


4754 Bykle


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle kommune



Referansenr.: 4764924901


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 07.04.2024



Bykle kommune, pleie og omsorgstenesta

BedriftBykle kommune, pleie og omsorgstenesta
Om bedriften

Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.

Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Lignende stillinger