Elisabeth Hoksrud

Sommarvikarar ved Bø og Gvarv legesenter 2026

Publisert13.1.2026
Søk senest2.2.2026

Om stillingen

Sommaren nærmar seg, og vi treng dyktige og engasjerte ferievikarar som vil vere med å sikre gode helsetenester til innbyggjarane i Midt-Telemark. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag, eit godt arbeidsmiljø og høve til å lære mykje nytt

Ferieperioden strekkjer seg frå veke 25 til 33, og vi ønskjer at våre ferievikarar skal vere tilgjengelege gjennom heile denne perioden. Det er viktig at aktuelle kandidatar er tilgjengelege for opplæring i veke 24, slik at dei kan bli godt førebudde før dei går inn i oppgåvene sine. Opplæringa vil gi deg ei grundig innføring i våre rutinar og retningslinjer

Bø og Gvarv legesenter er to kommunale legesenter som tilbyr gode helsetenester til innbyggjarane i Midt-Telemark.

  • Bø legesenter har åtte fastlegar og ein LIS1-lege.
  • Gvarv legesenter har seks fastlegar og ein LIS1-lege.

Begge legesentera har sjukepleiarar og helsesekretærar som sørgjer for eit godt og effektivt samarbeid i kvardagen.

Huk av under spørsmål i søknaden på kva for legesenter du søkjer.

Aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande etter søknadsfrist.


Arbeidsoppgåver

  • Resepsjon, ta telefon og svare på meldingar
  • Laboratoriet, ta blodprøver, analyser prøver m.m
  • Skadestue, ta EKG, BT, sårskift, sting fjerning, injeksjonar m.m

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar eller sjukepleiarstudent
  • Helsesekretær eller helsesekretærelev
  • Medisinstudent 

Ønska kompetanse

  • Søker bør kunne mestre norsk, muntlig og skriftlig
  • Ønskelig med erfaring fra legekontor

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Oppstart frå uke 25 og til og med uke 32

Personlege eigenskapar

  • Like hektiske arbeidsdager
  • Vere fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Takle uforutsette hendingar/ oppgåver

Personlige eigenskapar vektelggast.

Vi tilbyr

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett lønn etter tariff. Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg til søkanden i Webcruiter.
Eiga lønnstige for studentar under relevant utdanning.

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Eli Aaland, Avdelingsleiar Gvarv legesenter, 90170836, [email protected]
Elisabeth Hoksrud , Avdelingsleiar Bø legesenter, +47 48039978, [email protected]

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5061974202
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 02.02.2026

Elisabeth Hoksrud

BedriftElisabeth Hoksrud

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Get Paid to Annotate Native-Language Text Data

Oneforma

Norge11.2. - 11.3.
Anbefalt