Jan Frode Bolstad

Sommarvikarar til miljøstasjonar

OmrådeSogndal
Publisert5.1.2026
Søk senest30.1.2026

Om stillingen

Om stillinga

Arbeidet på miljøstasjonane kan vere ettermiddag/kveldstid, då miljøstasjonane har ope til kl. 18.00.

Du vil jobbe i desse områda: 

  • Leikanger – Dragsvik-Vik
  • Lærdal-Aurland-Årdal
  • Gaupne-Sogndal

Arbeidstid 37,5 t pr. veke, fordelt på oppmøte kl 08.00 eller kl. 12.00. Arbeidstida blir avtala nærare med dei aktuelle kandidatane. Periode 1. mai - 1. september.

Skriv gjerne i søknaden kva miljøstasjon (ar) du kan tenkje deg å jobbe på. 


Arbeidsoppgåver

  • Drift av miljøstasjonar 
  • Kundehandsaming 
  • Sortering/veging av farleg avfall 
  • Vask og utlevering av dunkar 
  • Hente inn avfall frå returpunkt 
  • Bruk av truck og maskiner 
  • Drift av ombruksområde 
  • Plenslått og stell av anlegget

For stillinga søkjer me etter personar som 

  • Har sertifikat kl. B og disponerer eigen bil, då oppmøteplass kan variere.
  • Har truckførarbevis og maskinførarbevis 
  • Grunnleggjande IT - kunnskap 
  • Er strukturerte, systematiske og har ei planmessig tilnærming til arbeidet 
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre 
  • Villig til å setje seg inn i og lære nye ting 
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs 

Me tilbyr

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn 
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing  
  • Løn i.h.t. eigen lønstabell 

Jan Frode Bolstad

BedriftJan Frode Bolstad

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Get Paid to Annotate Native-Language Text Data

Oneforma

Norge11.2. - 11.3.
Anbefalt

Meeting & Event Coordinator - Clarion Hotel Energy

Strawberry AS

Stavanger13.2. - 23.2.
Ny