Nina Haveland

Sommarvikarar - sjukepleiarstudentar

Område

Gulen

Publisert

3.3.2026

Søk senest

15.3.2026

Om stillingen

Er du sjukepleiarstudent og ynskjer deg sommarjobb? 

Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2026 i sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, og vi ynskjer å kome i kontakt med deg som er sjukepleiarstudent. Vi tilbyr løn over tariff for sjukepleiarstudentar som vert sommarvikar (sjå meir under punktet "anna" nedst i annonsen). Kommunen har også, for tida, ekstra tillegg på helg. Eininga består av sjukeheim og heimetenester. Eininga har eige kjøken, vaskeri og reinhaldspersonell.


Arbeidsoppgåver

Me treng tilsette både i pleien på sjukeheim og i open omsorg (heimetenesta). Ferieavviklinga er hovudsakleg i veke 25-32; men det kan vere aktuelt med jobb utover desse vekene. Skriv gjerne i søknaden dersom det er periodar du ikkje har høve til å jobbe


Kvalifikasjonar 

  • Studerer bachelor i sjukepleie 
  • Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B. For dei som skal arbeide på sjukeheimen er det ikkje krav om førarkort. 
  • Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 

  • Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane  
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Løn over tariff under sommarferieavviklinga for sjukepleiarstudentar: for sjukepleiarstudentar som er undervegs/ferdig med 1. året (0-60 studiepoeng) vert løna tilsvarande fagarbeidarløn, for sjukepleiarstudentar som har gått meir enn 1 år (over 60 studiepoeng) vert løna tilsvarande sjukepleiarløn.
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest 
  • Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Tilbake til toppen

Nina Haveland

Bedrift

Nina Haveland

Søk etter flere lignende stillinger

GulenHelse og sosial

Lignende stillinger

Kopier – Barona AS søker elektrikere

Barona

Drammen20.4. - inntil videre
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS