Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Miljøhall og varetransport, Helse Bergen

Sommarvikarar- Sjåfør med oppgåver innan transport og gjenvinning

OmrådeBergen
Publisert19.6.2024
Søk senest7.7.2024

Om stillingen

Hospitaldrift Transport er ei intern serviceeining med drift alle dagar i året. Vi utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar; Pasientportørteneste, Forsyningsteneste og Miljøhall og varetransport.
Miljøhall og varetransport sine hovudaktivitetar er handtering av avfall og sortering ved sjukehuset samt transport av tøy, varer, medisinar og avfall mellom ulike lokasjonar innan helseføretaket. Vi utfører også flyttetenester. Miljøhallen er plassert i ein fjellhall bak sentralblokka og seksjonen består av seksjonsleiar og om lag 20 tilsette. Vi set trivsel på arbeidsplassen høgt og har eit kontinuerleg fokus på HMS.
Vi treng no tre sommarvikarar som sjåfør med oppgåver innan transport og gjenvinning. Stillingane er eit 100% vikariat for perioden veke 26-33 med oppstart snarast. Det oppfordrast til å søke sjølv om du ikkje er tilgjengeleg heile perioden. Oppgi då i søknaden når du kan jobbe.
Søknadar blir behandla fortløpande.
Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig. 


Arbeidsoppgåver

Som vikar vil du arbeide med alle seksjonens oppgåver. Du vil hente inn avfall med komprimatorbil klasse C og skapbil klasse C1, og gjere oppgåver innan gjenvinning her i Miljøhallen.

Arbeidstider: Dagvakter og helg: 0700-1500, seinvakter 1400-2130.

Opplæring: Opplæring vil bli gitt.

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Ønskeleg førarkort kl. C og/eller C1 og gyldig yrkessjåførkompetanse (YSK) 
  • Truckførerbevis klasse T4
  • Relevant arbeidserfaring
  • Du trivst med å arbeide
  • Arbeidsspråk er norsk og gode norskkunnskaper er nødvendig

Det oppfordrast til å søke sjølv om ein ikkje har alle kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, imøtekommande og løysingsorientert
  • Du er initiativrik og ser arbeid sjølv
  • Du opptrer respektfullt overfor pasientar og kollegaer
  • Du er sjølvstendig men arbeider og godt i lag med andre
  • Du likar å arbeide og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Erik Njaastad Bauge, Seksjonsleiar, 91395660

Arbeidsstad

Haukelandsveien 26 B
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4829930476
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.06.2024
Sluttdato: 18.08.2024

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Miljøhall og varetransport, Helse Bergen

BedriftDrift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Miljøhall og varetransport, Helse Bergen
Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger