Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, sengepostar Førde
Om stillingen
Vi treng ferievikarar på sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde. Tidsrom: 23.06.2025 - 17.08.2025
Sengepostane våre:
- Akutt døgn
- PSK Sikkerheit
- DPS døgn allmenn
- DPS døgn psykose
Tilsetjingsperioden er 8 veker. Skal den vere kortare, må det stå i søknaden.
Opplys i søknaden:
- Om ikkje 8 veker - kva veker kan du jobbe?
- Kva for sengepost ønskjer du å jobbe ved?
- Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis
Akutt døgn har 15 sengeplassaer og er ein lukka, akuttpsykiatriske sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.
PSK Sikkerhet har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.
DPS døgn allmenn har 15 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandler mennesker med: depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar med meir. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og kjekt miljø.
DPS døgn psykose har 8 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid
- Turnusarbeid
- Arbeid annakvar helg
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning
- Helsesportspedagog
- Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
- Relevant erfaring
- Interesse for faget
- Førarkort kl. B er å føretrekke
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar, har gode samarbeidsevner og respekt for arbeid med menneske som treng helsehjelp
- God på å kommunisere, ha gode sosiale evner og kunne bygge gode relasjoner
Vi tilbyr
- Opplæring i eit fagleg spennande miljø
- Opplæringskurs for nytilsette
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerhet, 975 22 519Ingun Indrebø, Seksjonsleiar DPS døgn Allmenn, 478 90 705
Roger Lundekvam, Seksjonsleiar Akutt-døgn, 952 09 377
Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS døgn psykose, 993 78 985
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4890034182
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2025
Helse Førde Hf
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Bli Regnskapskonsulent hos Norges største entreprenør - Veidekke! (Søk uten CV og søknadsbrev)
Oslo - Ansettr AS - Publisert 17.1.2025Sesongarbeider i 100% stilling i perioden 1. mai ? 30. september 2025
Harstad - Harstad Kirkelige Fellesråd - Publisert 17.1.2025Ferievikariat for sommeren 2025 innen helse- og omsorgstjenestene
Overhalla - Overhalla Kommune Hjemmehjelp/hjemmesykepleie - Publisert 17.1.2025Faglært kokk
Gran - Sanner Hotell AS - Publisert 17.1.2025