Sommarvikarar 2025

OmrådeGulen
Publisert22.4.2025
Søk senest22.10.2025

Om stillingen

Barnehagen på Dalsøyra og i Hovden, samt SFO treng sommarvikarar

Eining Dalsøyra barnehage og skule, avdeling barnehagane på Dalsøyra og i Hovden, samt SFO treng sommarvikarar. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid frå veke 26 til veke 32. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe og om det er snakk om barnehage eller SFO.

Her kan du lese meir om eininga: Dalsøyra skule - Gulen kommune , Dalsøyra barnehage - Gulen kommune , Hovden barnehage - Gulen kommune

Søk då vel! 


Arbeidsoppgåver

  • Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
    • vere til stades for borna
    • vere engasjert i borna 
    • passe på så ingen fell utanfor
    • sette deg godt inn i alle rutinar
    • andre praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar 

  • Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
  • Det kan vere ein fordel om søkjar har førarkort kl B

Personlege eigenskapar 

  • Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til barna 
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for born og vaksne
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan Miljøtenesta, pleie og omsorg og i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfodensiell handsamling, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering. 
  • Løn etter tariff

Gulen Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 6/30
Anbefalt