Sommarvikar som gjenvinningsoperatør
Om stillingen
Sommarjobb som gjenvinningsoperatør
Og kva er ein gjenvinningsoperatør? Det er ein person som jobbar på ein gjenvinningsstasjon, og hjelper kundane å sortere avfall riktig. Når kundane kjem med ting dei skal kvitte seg med - som treverk, metall, elekronikk eller farleg avfall, sørger operatøren for at alt hamnar på riktig plass.
Derfor er det viktig at du som søker er serviceinnstilt og glad i å prate med folk.
Du vil sjølvsagt få god opplæring, og du vil alltid ha kollegaer i nærleiken dersom du er usikker sjølv.
Kven er du?
Det viktigaste for å lukkast i denne stillinga er at du er glad i å arbeide og trivast med varierte arbeidsoppgåver, uansett om det er på lag med andre eller aleine. Har du i tillegg godt humør, er serviceinnstilt og ser løysingar der andre ser problem, vil du trivast godt i denne jobben.
Slik vil du jobbe
- Registrere kundar når dei kjem til gjenvinningsstasjonen
- Hjelpe kundar og leverandørar med å forstå kor dei skal kaste avfallet sitt
- Halde god orden på gjenvinningsstasjonen
- Anna arbeid som kan oppstå på ein gjenvinningsstasjon
Vi vil tilpasse arbeidsoppgåvene ut i frå dine ergaringar, ønsker og kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Grunnleggjande datakunnskap
- Gode kommunikasjonsevner på norsk
- Relevant erfaring
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar kan veie opp for manglande formell kompetanse. Vi gir deg den opplæringa du treng for å lykkast i jobben.
Vi tilbyr:
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit framtidsretta selskap
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for å ta fagbrev i gjenvinningsfaget
- Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
- Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt
Ønskjer du meir info om stillinga?
Ta kontakt med driftsleiar Kjell Bu på telefon 905 02 589.
Sunnfjord Miljøverk Iks
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025