Om stillingen
Om stillinga
Alver kommune søkjer guidar Bogatunet i sommar. Bogatunet er eit museum med gamle bygningar på Boga, kring fire kilometer sør for Manger.
Arbeidstida er 11.30-15.30 kvar søndag i veke 26-32.
Du må kunna jobba minst tre av dei aktuelle helgene for å søkja. Det vil vera to guidar til stades kvar opningsdag. Stillingane passar særleg godt for unge arbeidstakarar.
Arbeidsoppgåver
Som guide på Bogatunet er du vertskap for dei som kjem til tunet. Du skal ta i mot besøkjande og ynskja dei velkomne, visa dei rundt, formidla historia om staden og setja i gang aktivitetar. Det kan verta aktuelt med andre oppgåver som enkel matlaging/-servering og anna førefallande arbeid.
Kompetanse
Du bør vera interessert i historie, imøtekomande, lika å formidla og beherska norsk og engelsk munnleg.
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid, og gode personlege eigenskapar vert tillagt vekt. Du må vera fødd 2009 eller tidlegare.
Opplæring vert gjeve.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk