Jobbsafari
Bokn Sjukestove

Sommarvikar kokk/kokekyndig

3 måneder siden
OmrådeBokn
Søk senest3.3.2024
JobbdetaljerAnnet

Om stillingen

Sommarvikar kokk/kokekyndig

kokk/kokekyndig 70 -100 % stilling

Sommarvikar kokk\kokekyndig

Bokn Sjukestove

Boknatunvegen 37, 5561 Bokn, Rogaland

Kokk\kokekyndig, sommarvikar 70-100 % stilling

Pleie- og omsorg har behov for vikar i ferieavviklingen til kokkane våre. Arbeidet vil vera i 4-8 veker etter avtale i perioden juni- august 2024.

Arbeidstida er på dagtid og ein må pårekna arbeid anna kvar helg.

Me søkjer etter ein kokk/kokekyndig som likar å yte god service og skape gode matopplevingar for tenestemottakarane våre, både på sjukestova og ute på bygda.

Om arbeidsstaden

Som kokk i pleie- og omsorg har du ansvar for å lage mat til sjukestova sine bebuarar og til heimebuande som har vedtak på middagsutlevering.

Me gjennomførte i 2019 ei totalrenovering av kjøkkenet og det framstår i dag som ein moderne arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Gi gode matopplevingar

Tilberede gode råvarer i tråd med oppskriftene

Kompetansekrav

Fagbrev som kokk er ein fordel, men andre med eignaheit, erfaring og interesse for faget kan også søkje.

Beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Motivert for å skape gode matopplevingar for brukerane av tenestane våre

Organisert og effektiv i ein travel arbeidskvardag

Må kunne arbeide sjølvstendig

Arbeidsgjevar tilbyr

Løn etter tariff

Pensjonsordning

Gode kollegaer i pleie- og omsorg

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver

Bokn Sjukestove

Hjemmeside

https://www.bokn.kommune.no

Bokn Sjukestove

BedriftBokn Sjukestove
Om bedriften

Bokn kommune er ein øykommune med omlag 870 innbyggjarar.I tillegg er det ein populær destinasjon for friluftsliv, fiske og hytteturisme. Kommunen ligg midt i ei ferdselsåre mellom Nord- og Sør-Rogaland, med kort avstand til Haugesund, Tysvær, Karmøy- og kun ein liten time til Stavanger. Vi har no behov for fleire tilsette.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger