Jobbsafari
Framtidsfylket AS

Solund kommune søker trainee: Lærar

4 måneder siden
OmrådeHardbakke
Søk senest15.3.2024
JobbdetaljerTrainee

Om stillingen

Kvifor starte lærarkarrieren hos oss? Jo, vi har:

  • Små klassar med kjekke elevar
  • Foreldregruppe som bryr seg
  • Idrettsbygg med volleyballhal
  • Vatn i bassenget frå haustferien til ut april
  • Gåavstand til Solund idrettspark med fotball- og friidrettsbane, klatrepark og diskgolfbane.
  • Ingen kø eller parkeringsvanskar
  • Nynorsk skriftsspråk
  • Heimeside som må oppdaterast
  • Engasjert elevråd

I august 2025 flyttar vi inn i nytt skulebygg, med arbeidsrom til alle tilsette, spesialrom og undervisningsrom til ungdomskuletrinna. Og vi får eit tidsriktig bibliotek.

Vi ønskjer oss ein lærar som:

  • er trygg på seg sjølv
  • har engasjement og interesse for barn og ungdom
  • gler seg til å prøve ut yrkeslivet
  • tør «å prøve ut» eit lite lokalsamfunn
  • vil vere med og fiske i skulebåten

Bli kjent med nokre av dei du vil jobbe saman med. Kva seier dei om jobben?

Endre, digitalpedagog: – Ei stilling som vart til når Covid slo til, og har blitt vidareført hos oss. Funksjonen i stillinga har blitt til etter trong. Ein del er å fungere som ein digital vaktmester for å løyse små utfordringar som set stopper her og no, medan den andre delen alltid er fokus på utvikling. Det er kjekt at ordet "pedagog" er med, då det viser at funksjonen er langt meir enn å berre løyse problem som oppstår her og no. Fokuserer på å gi dei tilsette idear til digitale løysingar som kan skape produkt, og opplæring til elevane i korleis dei kan bruke digitale løysingar til å skape og utforske.

Kjetil, ny og ufaglært lærar: – For meg var det å begynne å jobbe på skulen veldig annleis enn det eg har jobba med tidlegare. Eg vart veldig godt motteken av dei tilsette, og vart fort sett inn i oppgåver der eg fekk delta aktivt i undervisningsopplegg og ikkje vart sittande som passiv assistent. Eg har heilt sida starten blitt oppmoda til å vurdere å utdanne meg til læraryrket, noko eg vurderer. Eg trivst veldig godt på arbeidsplassen og med mine nye medarbeidarar. Skulen i Solund er ein veldig bra arbeidsplass som kan anbefalast.

Gunnlaug, rektor: – Personalgruppa er samansett med mange år med undervisningserfaring, ulik kompetanse, aldersvariasjon og mykje vilje. Vi er ein liten skule med mange mogelegheiter samstundes som vi møter mange av dei same opplevingane som elles i skule-Norge.

Kva skjer på fritida?

  • Fleire aktive lag som organiserer aktivitetar på dugnad.
  • Ønskjer du å starte eller leie ein aktivitet er du velkomen til det.
  • Nytt og velutstyrt treningssenter
  • Variert natur der du kan bruke sjøen, gå Nordsjøløypa eller opp på ein (liten) fjelltopp.
  • Dagstur til Sognesjøhytta med utsikt over Sognesjøen/-fjorden.
  • Oppdag at det bur fleire enn du trur som er unge vaksne
  • Konsertar, basar, quiz og pub-kveld, lørdagskveldsen eller søndagsmiddagen på Skafferiet, eller rett og slett ein dagstur med ekspressbåten til Bergen.

Elevrådet fortel:

Vi har varmt fellesmåltid for alle trinn. Det vert servert ulike rettar; ostesmørbrød, havregrynsgraut, taco, fiskeburger, ovnsteikt laks med poteter og salat, mm. Fellesmåltidet er organisert med 2 måltid per månad for alle trinn.

Vi får nytt skulebygg i august 2025. Det skal verte kjekt å få eit nytt å fint skulebygg! Og vi gler oss til eit nytt og fint uteområde!

Vi har fleire kjekke tradisjonar, som for eksempel Santa Lucia der 6. trinn, som har mat og helse, har ansvar for å bake Luciakaker og dele ut til medelevar, fotballturnering om våren og samarbeidet med barnehagen og fadderordninga med dei som skal begynne på skulen.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025

Finn ut meir om Solund:

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Framtidsfylket AS

BedriftFramtidsfylket AS
Om bedriften

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger