Jobbsafari
Framtidsfylket AS

Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Prosjektingeniør

3 måneder siden
OmrådeSandane
Søk senest15.3.2024
JobbdetaljerTrainee

Om stillingen

Vi jobbar no med å planlegge bygging av eit heilt nytt vasskraftverk. Vi har og fleire andre spennande prosjekt på gang som vi gler oss til å ta fatt på – og vi ønskjer deg som trainee velkomen med på laget! Hos oss vil du vil jobbe i lag med 100 dyktige kollegaer med ulik fagkompetanse. Dei fleste jobbar ved hovudkontoret vårt i Gloppen, men vi har og arbeidslag og kontor i Bremanger og Sogn. Nokon dagar vil du jobbe med planlegging på kontoret, medan du andre dagar har arbeidsbuksa på og jobbar ute i anlegga våre med å følge opp prosjekt. Godt arbeidsmiljø trur vi du vil oppleve alle plassar.

Kven er du?

Du er i starten av karriera og har bachelor- eller mastergrad innan bygg, maskin eller elektro. Du er svært oppteken av HMS og du ønskjer ein jobb med meining. Vi gler oss til å høyre meir om deg!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Framtidsfylket AS

BedriftFramtidsfylket AS
Om bedriften

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger