Jobbsafari
Midt-Telemark kulturskole, Midt-Telemark kommune

Slagverklærer i 45%, folkedanslærer 20% og korpsdirigent i 20%, alle faste stillingar.

1 måneder siden
OmrådeBø i Telemark
Søk senest17.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Midt-Telemark kulturskole er organisert under eining for kultur og fritid. Det er omlag åtte årsverk i ulike stillingsprosentar knytt til kulturskolen som tel rundt 430 elevplassar. Midt-Telemark kulturskole har hatt ei positiv utvikling gjennom fleire år. Rektor i kulturskolen er næraste overordna.


Kulturskolen er lokalisert i Gullbring kulturhus og på Gvarv skole.


Midt-Telemark kulturskole gir tilbod om musikk, dans, visuell kunst og teater. Midt-Telemark kulturskole samarbeider tett med dei friviljuge laga innan kulturfeltet som korps, spelemannslag og kor.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning av elevar på slagversinstrument i alderen 8-19 år enkeltvis og i grupper.
  • Direksjon av korps i samspel.
  • Undervisning av elevar i folkedans og halling i ulike grupper.
  • Gjennomføring nokre trerrfaglege prosjekt gjennom året.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Utdanning frå musikkonservatorium eller anna musikkfagleg utdanning til søkjarar på slagverk og direksjon.
  • Lærar på folkedans må ha kunnskap og ferdigheitar i folkedans og halling med vekt på Telemarkstradisjonar.

Ønska kompetanse

  • Dansefagleg utdanning frå høgskole er ønskjeleg til stillinga i folkedans, men realkompetanse kan også godtas.
  • Pedagogisk utdanning eller PPU er ønskjeleg for alle stillingane.
  • Erfaring med undervisninga av barn og unge, enkeltvis og i gruppe.

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, Opplæringsloven § 10-9, . Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Det søkjast etter personar som har god evne til å jobbe sjølvstendig, og som er opne og fleksible.
  • Det blir lagt vekt på personleg interresse og motivasjon for å jobbe med barn og unge.
  • Lærar i kulturskolen må kunne jobbe tverrfagleg i lag med elevar og lærarar i kulturskolen generelt.
  • Samarbeid og samskaping med kollegaer og eige initiativ til prosjekt og konsertar blir lagt stor vekt på.
  • Relasjonskompetanse er nødvendig.

Personelge eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Guri Røsok, Kulturskolerektor, +47 99391171


Arbeidsstad

Gullbringvegen 34


3800 Bø


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4821948329


Stillingsprosent: 45, 20%


Fast


Startdato: 01.08.2024


Søknadsfrist: 17.06.2024



Midt-Telemark kulturskole, Midt-Telemark kommune

BedriftMidt-Telemark kulturskole, Midt-Telemark kommune
Om bedriften

I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.

Staben blir leia av assisterande kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger