Skuleåret 2024/2025
8 måneder sidenOm stillingen
Hå kommune har skuleåret 2024-2025 ledige lærarstillingar ved Nærbø ungdomsskule og Høyland skule i innføringsklassar for elevar som har kome som flyktningar og bur ved Hå mottakssenter. Me oppfordrar lærarar som har kvalifikasjonar og kompetanse i særskilt språkopplæring til å søkja, både om de kan arbeida heiltid og deltid.
Me har organisert undervisninga i innføringsklassar for elevar på 1.-7. trinn ved Høyland skule og for elevar på 8.-10. trinn ved Nærbø ungdomsskule.
Nærbø ungdomsskule og Høyland skule er gode arbeidsplassar for deg som vil undervise minoritetsspråklege elevar i grunnskulen. Skulane er veldrivne og prega av samarbeidskultur. Me har oppdaterte læreverk og godt digitalt utstyr til elevar og tilsette. Dei tilsette vil få god oppfølging ved oppstart og undervegs av leiinga på skulen og av fagleiar for tilbod for minoritetsspråklege i kommunen.
Skulane i Hå, er saman med Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen. I Jærskulen står me sterke saman som ein region som vil utvikle skulane våre til det beste for elevane. Kommunen samarbeider og med næringsliv og Ungt entreprenørskap for å gjere undervisning enno meir relevant og spennande for elevane.
Nærbø ungdomsskule ligg langs jernbanen, og det er perfekt viss du ønsker å pendla med tog. Vil du bruke bil, har me gratis parkering ved alle skulane våre. Høyland skule ligg langs Fylkesveg 44
Kvalifikasjonar
Du treng godkjend utdanning for å undervise i grunnskulen samt fagutdanning i norsk, minimum 30 studiepoeng for å undervise på barnetrinn eller 60 studiepoeng for å undervise på ungdomstrinn. Fagutdanninga i norsk kan gjerne vera studiepoeng i andrespråkpedagogikk, men og ordinær norsk fagutdanning, eller ein kombinasjon. Ved manglande kvalifikasjonar kan me vektlegga personlege eigenskapar og relevant erfaring med særskilt språkopplæring.
Eigenskapar
• God til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning
• Engasjement for faget
• Evne til å formidle
• God til å samarbeide
• Evne til dialog og relasjonsbygging med elevar og føresette
• Trygg leiing av klassar og grupper
Kontaktpersonar
Dersom du ønsker meir informasjon om stilling ved Høyland eller Nærbø ungdomsskule, kan du ta kontakt med rektor ved den enkelte skule:
Høyland skule: Rektor Milrid Nygård, 91674837
Nærbø ungdomsskule: Rektor Linda Hadland Forsmo, 92017187
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema:
Søk herHå kommune Skoler Nærbø
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har ca.19 800 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!
TilgjengelighetserklæringSøk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
API Architect
Vil du jobbe som kundeservicemedarbeider på Kreta med betalt bolig? Eller foretrekker du heller storbylivet i Athen?
Hellas - Jobsun Aps - Publisert 22.10.2024Krokbilsjåfør
Hammerfest - Larsen Maskin & Transport AS - Publisert 8.11.2024Barnehageassistent 100% stilling - Småbarnsavdeling
Asker - Heggum Barnehage AS - Publisert 8.11.2024Barnehagelærer
Indre Østfold - Læringsverkstedet Askim Solkollen Barnehage AS - Publisert 8.11.2024