Turid Straume

Søkjer ringevikarar ved Dalsøyra/Hovden barnehage og SFO

Område

Gulen

Publisert

5.2.2026

Søk senest

5.2.2027

Om stillingen

Ringevikar

Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra og Hovden barnehage og/eller SFO?

Dalsøyra barnehage og skule har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i Dalsøyra og Hovden barnehage, og/eller SFO. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein  søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktpersonane i annonsen.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
  • Vise omsorg for kvart enkelt born
  • Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
  • Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga

Kvalifikasjonar 

  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Ha interesse for born og borna si utvikling
  • Må vere tydeleg, og ta initiativ til å bygge gode relasjonar
  • Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med born både inne og ute
  • Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
  • Ansvarsbevisst
  • Vert motovert av å vere med å gje barn ein stabil og god kvardag i barnehagen
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Tilbake til toppen

Turid Straume

Bedrift

Turid Straume

Søk etter flere lignende stillinger

GulenUtdanning

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

Subsea Pipeline Commissioning

Ikm Gruppen AS

Stavanger・10.10. - 19.10.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS