Helse Bergen Hf

Sjukepleiestudent som pleieassistent

Område

Bergen

Publisert

14.7.2026

Søk senest

16.8.2026

Om stillingen

Om stillinga

Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledige vikariat, fortrinnsvis for sjukepleiestudentar, som pleieassistent 3. kvar helg. Vikariata er ledig frå september 2026 til juni 2027 med moglegheit for forlenging.

Sengeposten har 27 senger og inneliggande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø. Du må gjerne sjekke oss ut på vår Instagram side "hodehalsauge".

Arbeidsoppgåver

  • Vitale målilngar og aktuelle sjukepleiefaglege prosedyrar
  • Stell og pleie av pasientar
  • Forefallande arbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiestudentar
  • Ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
  • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst og fleksibel

Vi tilbyr

  • Spennande avdeling med høgt fagleg nivå
  • Stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

Klikk for å leggje til kart

Kontaktinformasjon

Kjersti Kleppestø Walde

Seksjonsleiar

Telefon: 55973502

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tilbake til toppen

Helse Bergen Hf

Bedrift

Helse Bergen Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.

Digitaliseringskonsulent

Sørlandet Sykehus Hf

Finstadjordet17.8. - 31.8.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS