Janniche Nordby Kalrsen

Sjukepleier natt - Knarvik Sjukeheim avd. Helsehuset

OmrådeAlver
Publisert15.12.2025
Søk senest2.1.2026

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig 60% fast stilling på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling.  Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000kr over tariff, og som nattevakt vil du også ha funksjonstillegg.


Om oss

Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset starta opp i april 2025, og er ei kortidsavdeling med vurderingssenger. Avdelinga har 6 flotte rom som alle vil vera dobbeltrom med plass til totalt 12 pasienter. Her vil me få inn pasientar som skal kartleggast for anten å bli sende heim til eigen bustad, til omsorgsbustad pluss eller vidare til andre avdelingar i sjukeheimstenesta for vidare oppfølgning


Arbeidsoppgåver

  • Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved avdelinga. 
  • Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning 

Kvalifikasjonskrav 

Me søkjer fagleg trygge sjukepleiarar med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg, dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test.

Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta.  God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Erfaring og relevant vidareutdanning er ein fordel.


Kven er du?

Me søkjer sjukepleiarar som trivst i ein  hektisk og til tider uforutsigbar arbeidskvardag.  Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg. Du har ein lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra il å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientane og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar sammarbeider du effektivt med andre. 


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande
  • Oppfølging og rettleiing
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Janniche Nordby Kalrsen

BedriftJanniche Nordby Kalrsen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt