Sjukepleiar/vernepleiar til Raus bufellesskap
Om stillingen
Om stillinga
Raus Bufellesskap har ein nydeleg beliggenheit omtrent i sjøkanten i Haus på Osterøy. Dei tilsette er flinke og kompetente med høg fagleg kompetanse. Alle bidrar til eit kjekt og godt arbeidsmiljø som det er godt å vere ein del av. I januar månad fekk vi oppretta fire nye stillingar i bufellesskapet og det er ei av desse stillingane som no er ledig. Vi ønskjer oss ein ny kollega som bidrar til ein positiv utvikling og framgang i bufellesskapet!
Raus bufellesskap er eit bufelleskap i eininga Psykisk helse og rusomsorg. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunalpsykolog, bufellesskapet og tilbodet Kroken som gjev tenestar til personar med rusproblem.
I bufellesskapet jobbar dei både døgnturnus og langvaktar. Stillinga som no er ledig arbeidar i døgnturnus.
I bufellesskapet er det 6 leilegheiter fordelt på 2 hus. I hus nummer 1 jobber det ein døgnvakt og ein mellomvakt. I hus nummer 2 jobbar det 2 i døgnvakt. I tillegg er det nokre bustader knytt til bufellesskapet som får oppfølging. Vi gjer tenestar til vaksne personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.
Oppgåver kan til dømes vera:
- Gje bistand til bebuararne i dagleglivets aktivitetar
- Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap
- Ha fokus på aktivitet i kvardagen
- Lage og oppdatere tiltaksplanar
- Medikamenthandtering
- Styrke det sosiale nettverket til bebuarane
- Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Primærkontakt arbeid
- Bidra med kvalitetssikrande arbeid
- Skape trygge og gode omgivnader til brukarne
- Miljøterapautiske tiltak
Vi tilbyr
- Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus
- Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø
- Stor fagleg variasjon
- Døgnturnus
- Osterøy kommune er ein IA-verksemd
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP
- Gode parkeringsmoglegheiter. Kjem du med kollektiv transport er og busstopp like ved bufellesskapet.
Kvalifikasjonskrav
- Krav til bachelor i sjukepleie eller vernepleie
- Det er eit krav at ein har erfaring fra arbeid med brukargruppa
- Førerkort klasse B
- Søkjarer utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
Kven er du?
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Gode samarbeidsevner
- Tryggleik i faget
- Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere
- Du må være ein person som likar ei utfordring, er løysningsorientert og nytenkande
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetjing
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i rekrutteringsprosessen.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Osterøy Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025